Landrareddik er ein framand og svært sjeldsynt plante, berre funnen tre stader i Oslo og Mandal mellom 1889 og 1934. Planten kom inn med ballastjord og ved møller.

Kjenneteikn

Landrareddik er eitt- til fleirårig, hos to- og fleirårige plantar med ein stor rosett. Han har ein meir eller mindre opprett stengel opptil 30–60 cm høg, og skruestilte, djupt delte blad med stor endeflik. På bladet er sideflikane godt skilde frå kvarandre (ein skilnad mot havreddik subsp. maritimus). Både stengel og blad er strihåra. Blomane sit i ein open klase og er store, med opprette begerblad og med 8–15 mm lange kronblad som er bleikgule eller kvite, med mindre tydelege mørke årer enn hos åkerreddik. Skulpa har oftast 1–5 ledd som er om lag kuleforma og 5–10 mm breie, kvart ledd med eitt frø.

Kromosomtal

Landrareddik er diploid med grunntal x = 9 og kromosomtal 2n = 18. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Landrareddik er framand og berre funnen fire gonger i Noreg: i Oslo i 1889 og 1934 og i Mandal (Vest-Agder) i 1890 og 1907. Begge funna i Oslo kan setjast i samanheng med møller. Funnet i 1889 er på Sandaker, i mølleområdet ved Akerselva, og funnet i 1934 er på Storo i eit gartneri der vi veit at mølleavfall vart brukt som gjødsel. Begge funna i Mandal er på ballastjord, på “Ballastbryggen i Mandal” i 1890 og på “Malmø paa Ballast” i 1907, på same staden på Malmøya.

Underarten har si heimlege utbreiing på kystane av Middelhavet og vestlege Svartehavet, og han kan ha kome til Noreg med skip og korntransportar frå Svartehavshamnene.

Kommentarar

Landrareddik er nærskyld med havreddik, men desse to har ulik, men overlappande utbreiing som heimlege; havreddik er hovudsakleg vesteuropeisk, og landrareddik hovudsakleg søreuropeisk.

Forvekslingar

På grunn av dei om lag kulerunde delfruktene, liknar landrareddik ikkje så mykje på åkerreddik subsp. raphanistrum. Skilnadane mot havreddik subsp. maritimus er meir uklåre. Begge desse rasane kan ha bladrosett, og begge har tjukke, om lag kulerunde delfrukter. Plants of the World Online (POWO) slår saman subsp. landra og subsp. maritimus under det første namnet, men både Chater (1993) og Stace (2019) gjev fleire karakterar som skil dei frå kvarandre. Havreddik har blad der bladflikane overlappar på dei nedre blada, og kronblad som oftast er 15 mm lange eller lengre, medan landraredik har godt skilde bladflikar på dei nedste blada, og kronblad som er opptil 15 mm lange.

Kjelder

Chater AO (1993). Raphanus L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 417.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad H, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Landrareddik Raphanus raphanistrum subsp. landra (Moretti ex DC.) Bonnier & Layens. www.artsdatabanken.no/Pages/345648. Lasta ned <dag.månad.år>.