Stakekarse er heimleg på strender og andre våte stader i om lag heile landet med unnatak for ytre Vestlandet. Han er òg vanleg og i auke på forstyrra mark over heile landet, uvisst om spreidd frå heimlege førekomstar eller komen inn utanfrå. Namnet syfter truleg på dei opprette skulpene som er tiltrykte stengelen.

Stakekarse er dels heimleg men kan óg vere komen inn som framand enkelte stader.

Kjenneteikn

Stakekarse er ei to- eller fleirårig urt med opprette stenglar opptil 100 cm. Planten er snau eller svært grissent håra med ugreina hår. Stengelen er ugreina eller med stivt opprette greiner. Grunnblada er djupt buktflika med ein stor, avlang endeflik og 1–3 par små sideflikar nedst. Stengelblada er rundtanna til flika med stengelomfattande grunn med bladøyre. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet. Toppen av begerblada har nokre få hår i knoppstadiet (viktig skilnad mot snarlike plantar av vinterkarse Barbarea vulgaris). Kronblada er små, 3–6 mm lange, mindre enn dobbelt så lange som begerblada, og gule. Frukta er ei smal langskulpe, 18–30 mm lang, på tjukt skaft og tiltrykt stengelen. Skulpa har ein grov og kort griffel (0,5–1,8 mm).

Grunnblada er djupt buktflika med ein stor, avlang endeflik og 1–3 par små sideflikar nedst.

Stengelblada er rundtanna til flika, med stengelomfattande grunn med bladøyre. 

Toppen av begerblada har nokre få hår i knoppstadiet, ein viktig skilnad mot vinterkarse Barbarea vulgaris

Langskulpa er smal og sit på eit tjukt skaft tiltrykt stengelen, som anten er ugreina eller med stivt opprette greiner som her.

Kromosomtal

Stakekarse er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Stakekarse veks som heimleg på ferskvass- og havstrand. Andre førekomstar, til dømes i åkerkant som her på Røros i Sør-Trøndelag, har eit meir uklårt opphav.

Stakekarse er heimleg på ferskvass- og havstrand heilt nord til Aust-Finnmark. Han veks oftast på nokså fint materiale, men finst òg på steinstrand berre det er noko finmateriale mellom steinane. Han er noko næringskrevjande. Elles er han vanleg ved grøfter, i åkerkantar, på vegkantar, langsmed jernbanar og på anna skrotemark i om lag heile landet, og på slik mark er han i auke. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til nordboreal sone, og han er funnen heilt opp i lågalpint belte, til 1220 moh. på Finse i Ulvik (Hordaland). Han er meir sparsam på Sør-Vestlandet og i ytre strøk på Vestlandet. Han er òg funnen éin gong på Svalbard, i Barentsburg i 2011. Økologi og utbreiing i Fastlands-Noreg er diskutert hos Fremstad (2013).

Stakekarse er utbreidd i tempererte og boreale delar av Nord- og Aust-Europa og i Asia aust til Sør-Sibir. Han er spreidd som framand til Nord-Amerika, der om lag berre i dei austlege delane. Her og i Aust-Asia er han hovudsakleg erstatta som heimleg av den nokså nære slektningen Barbarea orthoceras Ledeb. som veks på liknande veksestader.

Kommentarar

Hybridar mellom stakekarse og vinterkarse, Barbarea stricta × Barbarea vulgaris (Barbarea ×schulzeana Hausskn.), er rapporterte frå spreidde stader på sørlege Austlandet nord til Oslo, i Hordaland og i Sør-Trøndelag. Dei skal vere sterile og kan vere mykje oversette.

Forvekslingar

Stakekarse kan bli forveksla med vinterkarse, men vinterkarse har større blomar, og i knoppstadiet skil stakekarse seg frå vinterkarse i at han har nokre hår i toppen av begerblada, noko vinterkarse manglar. Elles er grunnblada nokså ulike, der den store endefliken og dei få og små sideflikane hos stakekarse skil seg frå dei mange og djupe flikane hos vinterkarse. Griffelen er òg lengre hos vinterkarse enn hos stakekarse: 2–3,5 mm mot 0,5–1,8 mm. Særleg klår er skilnaden i fruktstadiet: vinterkarse har skulper på sprikjande skaft, medan både skaft og skulper er tiltrykte stengelen hos stakekarse.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Barbarea W. T. Aiton. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 460–463.

Ball PW (1993). Barbarea R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 342–343.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fremstad E (2013). Barbarea stricta Andrz. I R Elven, E Fremstad og O Pedersen (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern element: 73–75.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Stakekarse Barbarea stricta Andrz. www.artsdatabanken.no/Pages/345510. Lasta ned <dag.månad.år>.