Islandskarse er ein heimleg og sjeldsynt plante i Noreg og finst berre på nokre få øyar på Nordlandskysten, som her frå Værøy. Den globale utbreiinga er òg unik og truleg bestemt av trekkrutene til kvitkinngås som den arten som hovudsakleg spreier islandskarse.

Islandskarse er heimleg, sjeldsynt og i Noreg avgrensa til nokre få øyar og nes på Nordlandskysten. Den underarten som finst i Noreg, har ei merkeleg og bortimot unik utbreiing globalt. Utbreiinga følgjer truleg trekkrutene til dei fuglane som vi antek at i hovudsak spreier han.

Kjenneteikn

Islandskarse er oftast eitt- eller toårig (ein sjeldan gong fleirårig). Han har nedliggjande eller korte, oppstigande stenglar opptil 10 cm. Han er snau. Blada er fjørdelte med 3–5 par sideflikar og med avrunda endeflik. Oftast sit det nokre blad ved grunnen. Alle blada er skafta og om lag utan bladøyre. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg lite i fruktstadiet. Kronblada er 1–1,7 mm lange, kortare enn eller om lag jamlange med begerblada, og gule. Frukta er ei 6–12 mm lang, pølseforma skulpe som er 1,7–3 mm tjukk, noko som gjer at ho ligg i grenseområdet mellom kortskulpe (opptil tre gonger så lang som brei) og langskulpe (meir enn tre gonger så lang som brei). Skulpa er 2–3 gonger så lang som skulpeskaftet (ein hovudskilnad frå brunnkarse R. palustris). Ho sit på sprikjande eller noko nedbøygde skaft og har ein griffel på 0,3–0,7 mm. Frøa er fint småbuklete.

Islandskarse er snau og har liggjande eller korte, oppstigande stenglar. 

Blada er fjørdelte med 3–5 par sideflikar og med avrunda endeflik. Dei er skafta og om lag utan bladøyre. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg lite i fruktstadiet. Kronblada er små og gule, kortare enn eller om lag jamlange med begerblada.

Kromosomtal

Islandskarse er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Islandskarse er heimleg og berre funnen i kanten av fuglegjødsla dammar og på tangvollar med sig av ferskvatn. Dei norske førekomstane ligg i mellomboreal sone. Arten er berre dokumentert, og som sjeldsynt, på holmar og småøyar på ytterkysten i Nordland i Vega, Herøy, Dønna og Værøy, og éin stad på fastlandet ved Storgjerdvatnet i Gildeskål.

Den globale utbreiinga er noko merkeleg. Arten finst i Vest-Europa frå Frankrike nord til Nordland, på Island og Grønland, men òg i fjellstrøk i Mellom-Europa og austover til Sibir. Dette mønsteret skuldast at det er to underartar med ulik og truleg lenge skild utbreiing, sjå kommentarar nedanfor.

Islandskarse veks i kanten av fuglegjødsla dammar og på tangvollar med sig av ferskvatn. Her frå Værøy i Nordland. 

Kommentarar

Arten Rorippa islandica har to underartar: subsp. islandica på Grønland, Island, i Nordland, på den nordlege delen av Dei britiske øyane og i fjell i Mellom- og Sør-Europa; og subsp. dogadovae (Tzvelev) Jonsell i Søraust- og Aust-Europa og i Sibir, sjå Jonsell (1968). Dei to rasane har truleg vore skilde frå kvarandre lenge.

Utbreiingsmønsteret hos vår rase, subsp. islandica, er interessant. Mykje av mønsteret i Nord-Europa følgjer trekkvegane for kvitkinngås Branta leucopsis. Ein delpopulasjon av denne gåsearten overvintrar i Irland og på øyane langsmed vestkysten av Skottland. Denne delpopulasjonen trekkjer til Island (med myting, og dei siste åra òg med hekking) og Grønland (med hekking) om sommaren (Paul Shimmings, pers. med.). Islandskarse er funnen i alle desse tre områda (men sjå Al-Shehbaz 2010 side 494 for Grønland). Ein annan delpopulasjon overvintrar på fastlandet i Sørvest-Skottland og Nordvest-England. Denne delpopulasjonen trekkjer til Nordland (med rasting om våren, og i mindre grad om hausten) og Svalbard (med myting og hekking) som sommaren (Paul Shimmings, pers. med.). Islandskarse finst i Skottland og Nordland, medan det truleg er for kaldt for han på Svalbard. I ei upublisert hovudfagsoppgåve på 1990-talet blei det gjort ei samanlikning av plantar mellom Skottland og Nordland (Hatten 1997), men vi hadde ikkje den molekylære reiskapen som vi trong på den tida, så resultata gav ikkje nokon sikker konklusjon. Ein tredje delpopulasjon av kvitkinngås trekkjer mellom Mellom-Europa og Russland, men denne delpopulasjonen fører truleg ikkje med seg islandskarse.

Forvekslingar

Islandskarse liknar berre på brunnkarse Rorippa palustris. Hovudskilnaden er at islandskarse har frukt som er 2–3 gonger så lang som fruktskaftet, medan brunnkarse har frukt som er jamlang med eller berre litt lengre enn fruktskaftet. Denne skilnaden er vanlegvis tydeleg. Islandskarse har òg litt kortare begerblad (mindre enn 1,6 mm) enn brunnkarse (1,6 mm eller meir), og islandskarse har nedbøygde skulper i fruktstadiet, medan brunnkarse har sprikjande eller noko oppbøygde skulper. Desutan skil islandskarse og brunnkarse seg i kromosomtalet, men det kan ein jo ikkje sjå.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Rorippa Scopoli. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 493–506.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hatten L (1997). “Andemat-elementet” på Helgelandskysten – økologi og mulig spredning med kvitkinngås (Branta leucopsis). Cand. Scient.-oppgåve, Universitetet i Oslo, Oslo.

Jonsell B (1968). Studies in the north-west European species of Rorippa s. str. Symbolae Botanicae Upsaliensis 19,2: 1–222.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Valentine DH og Jonsell B (1993). Rorippa Scop. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 344–345.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Islandskarse Rorippa islandica (Oeder) Borbás. www.artsdatabanken.no/Pages/345662. Lasta ned <dag.månad.år>.