Hornpengeurt er ein framand art som berre er funnen éin stad i Noreg på 1920-talet på Karlsborg i Oslo. Korleis denne arten frå Vest-Asia og Tyrkia kom seg inn til landet, er eit mysterium. Arten er heller ikkje funnen nokon annan stad i Europa som forvilla, etter det vi veit.

Kjenneteikn

Hornpengeurt er ei eittårig og opprett, snau urt opptil 50 cm. Stengelen er ofte greina opp mot blomestanden. Stengelblada er heile, avlange til lansettforma og har spisse bladøyre som går noko kring stengelen. Dei nedre blada visnar tidleg og fell av. Blomane sit i ein klase som strekkjer seg mykje under fruktmogninga. Kronblada er kvite og små, ca. 2 mm lange. Frukta er ei omvendt trekanta og noko avflata kortskulpe utan vengjekant, men med  to horn i toppen som er opp mot like lange som resten av skulpa. Skiljeveggen sit på tvers. Skulpa har to frø i kvart rom.

Kromosomtal

Hornpengeurt er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Hornpengeurt er framand og har komen inn på ukjent vis éin gong i Oslo på 1920-talet, der han vart registrert i perioden 1925–1928 med det som truleg var ein liten, men reproduserande bestand. Det er uklårt korleis arten kom inn til landet.

Hornpengeurt kjem opphaveleg frå Vest-Asia og Tyrkia.

Kommentarar

Hornpengeurt har vore handsama i ei eiga segregat-slekt Carpoceras (DC.) Link (sjå til dømes Busch i Flora of the USSR) og dels handsama som ein seksjon. Desse gruppene er spesielt kjenneteikna av karakterar knytt til frukta: skulpe utan vengje, men med hornutvekstar i spissen og to frø i kvart skulperom. Undersøkingar har derimot synt at desse fruktkarakterane ikkje er godt egna til klassifikasjon av slekta Thlaspi i vid meining; desse karakterane ser ut til å ha utvikla seg uavhengig i ulike evolusjonære linjer. Artar med slike hornliknande utvekstar på frukta, høyrer no heime i ulike greiner i slektskapstreet (sjå Mummenhoff mfl. 1997), og hornpengeurt høyrer heime i slekta Thlaspi i trong meining.

Forvekslingar

Hornpengeurt har ingen opplagde forvekslingar; frukta er unik og ikkje lik frukta hos andre krossblomar som er funne i Noreg. Det er dessutan svært lite sannsynleg at ein treff på denne sære skapningen att.

Kjelder

Busch NA (1970). Ceratocarpon. I: Bobrov EG mfl. (red.) Flora of the USSR, Volume VIII: Capparidaceae, Cruciferae and Resedaceae: 441–442. Translated from the Russian edition (1939). Keter Press, Jerusalem.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Mummenhoff K, Franzke A og Koch M (1997). Molecular data reveal convergence in fruit characters used in the classification of Thlapsi s. l. (Brassicaceae). Botanical Journal of the Linnean Society 125: 183–199.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Hornpengeurt Thlaspi ceratocarpon (Pall.) Murray. www.artsdatabanken.no/Pages/371829. Lasta ned <dag.månad.år>.