Strandlevkøy
Malcolmia maritima
Strandlevkøy er framand og komen inn med grasfrø, transportmiddel og er truleg nokre gonger forvilla frå dyrking som sommarblome. Han kjem opphaveleg frå Søraust-Europa og er ikkje bufast i Noreg.
Kjenneteikn
Strandlevkøy er eittårig med oppstigande, mykje greina stengel opptil 50 cm. Han er håra med 2- til 4-greina hår der hårgreinene er tiltrykte stengel og blad. Blada er omvendt eggforma til omvendt lansettforma og heile eller tanna. Blomestanden er ein fåbloma klase som strekkjer seg i fruktstadiet. Begerblada er tiltrykte, og dei to indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er 10–20 mm lange og rosa til purpur. Frukta er ei smal langskulpe på 1,5–8 cm, håra og meir eller mindre opprett. Ho smalnar øvst til ein smalt konisk griffel. Skulpeveggane er utydeleg 3-nerva. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.
Kromosomtal
Strandlevkøy er diploid med grunntala x = 7 og 8 og kromosomtala 2n = 14 og 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Strandlevkøy er framand, komen inn med grasfrø og transportmiddel, og truleg òg stundom forvilla frå dyrking som eittårig prydplante (sommarblome). Han vart først funnen på ballast ved Frednæs i Porsgrunn (Telemark) i 1874, og er sidan funnen nokre få stader, i Orkdal (Sør-Trøndelag) i 1941, i Fredrikstad (Østfold) i 1961, Oslo i 1968, Stange i 2000 og Ringsaker i 2001 (Hedmark), Lier (Buskerud) i 1993, og i Tromsø (Troms) i 2015. Han er ikkje bufast og har ikkje vore det nokon stad i Noreg.
Den heimlege utbreiinga er avgrensa til eit lite område i Søraust-Europa, i Albania og Hellas, men arten er naturalisert mange stader ved Middelhavet, særleg på sandstrender.
Forvekslingar
For forvekslingar med hornlevkøy Matthiola, sjå omtale av strandlevkøyslekta Malcolmia. Strandlevkøy skil seg frå arabarlevkøy Strigosella africana i at dei indre begerblada er sekkforma ved grunnen hos strandlevkøy, men ikkje hos arabarlevkøy. Blomane er dessutan noko større hos strandlevkøy, med 10–20 mm lange kronblad, medan dei berre er 8–10 mm lange hos arabarlevkøy. Strandlevkøy har dessutan regelrett 2- til 4-greina hår som er tiltrykte stengel og blad (malpighiske hår), medan arabarlevkøy har sprikjande enkle hår, gaffelhår og uregelrett greina hår.
Kjelder
Ball PW og Akeroyd JR (1993). Malcolmia R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 337–339.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Strandlevkøy Malcolmia maritima (L.) W.T.Aiton. www.artsdatabanken.no/Pages/345639. Lasta ned <dag.månad.år>.