Rosekarse
Braya linearis
Rosekarse er ein heimleg berg-, rasmark- og fjellplante som er sterkt knytt til baserik berggrunn, ofte rein kalkstein og marmor. Han er svært sjeldsynt i Sør-Noreg, men er noko meir utbreidd i Nord-Noreg.
Kjenneteikn
Rosekarse er ei småvaksen, fleirårig urt, opptil 10 cm, men oftast mindre. Planten har ei grann, lyst gulbrun rot, fleire grunnblad som er smalt lansettforma, småtanna og småhåra, og oftast eitt eller nokre få stengelblad. Stengelen er grissent ullhåra. Blomestanden er ein kort klase som ikkje strekkjer seg i fruktstadiet. Begerblada er purpurraude. Kronblada er kvite eller lyst roseraude og 2,5–3,5 mm lange, tydeleg lengre enn begerblada. Frukta er ei nokså grann langskulpe, 8–12 mm lang og 1–1,5 mm brei. Ho er noko innsnørt mellom frøa og er difor noko knudrete. Griffelen er 0,2–0,8 mm lang. Frøa sit i éi rekkje, eller stundom i to utydelege rekkjer, i kvart skulperom.
Kromosomtal
Rosekarse er heksaploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 42. Teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Rosekarse er heimleg og veks på open mark med mykje kalk i grunnen, hovudsakleg i fjellstrøk. Han veks i sprekkar og på grunnlende på berg, gjerne på marmor, i rasmark og stundom på elveøyrar og vegkantar. Han er konkurransesvak og toler ikkje tett vegetasjon. Arten veks i mellom- til nordboreal sone og lågalpint belte. Utbreiinga i Noreg (og Skandinavia) er todelt. I nord veks han spreidde stader frå Bindal og Vefsn (Sør-Helgeland) til Porsanger og Nordkapp (Midt-Finnmark) og ut mot kysten til Bodø og Tjeldsund (Nordland). Han veks òg i grensefjella i Sverige i Lycksele, Lule og Torne lappmarker. I sør er han berre kjent frå tre stader: Høyrokampen i Bøverdalen i Lom (Oppland), der han veks i ei stor rasmark, opp til 1410 moh., og går ned på vegkantar langsmed Bøvertunvatnet; i Jønndalen i Vågå (Oppland), der han veks i rasmark og langsmed ein bekk; og i Grimsdalen i Dovre (Oppland), der han veks på grus på elveøyr (her først funnen i 2019). Ein omtale av økologi og utbreiing finn ein hos Gjærevoll (1990).
Den globale utbreiinga er avgrensa til Skandinavia og midtre delar av Aust- og Vest-Grønland.
Kommentarar
Den globale utbreiinga er spesiell i at ho er avgrensa til område som har vore omfattande isdekte under siste istid. Utbreiinga har eit relikt preg, og rosekarse må ha overlevd siste istid innanfor eller nært opptil isskjolda på Grønland og i Nord-Europa. Sjå òg Løkken (1969) og Gjærevoll (1990).
Rosekarse liknar på og er nærskyld med alpe-arten Braya alpina, og Böcher (1973) produserte fertile avkom mellom dei. Warwick mfl. (2004) fann òg likskap mellom dei to i molekylære markørar, men fann endå meir likskap mellom rosekarse og arten Braya humilis (C.A.Mey.) B.L.Rob., som er vidt utbreidd frå Sentral-Asia nordaustover i Asia, gjennom heile Nord-Amerika og til Grønland, og med ein asiatisk art Braya siliquosa Bunge.
Forvekslingar
Rosekarse liknar noko på den andre norske arten i slekta, purpurkarse Braya purpurascens, men dei skil seg mellom anna i vekseform og frukt. Purpurkarse har alle blada grunnstilte (i ein rosett) og ei tjukk, pølseforma skulpe på grensa mellom kortskulpe og langskulpe. Rosekarse har mange grunnstilte blad, men òg nokre få stengelblad, og ei nokså smal, linjeforma langskulpe.
Den einaste andre mogelege forvekslinga er med rublom-artar i Draba, særleg når plantane berre er i bløming. Draba-artane har fruktknute og frukt som er elliptisk til eggforma og alltid ei kortskulpe. Rosekarse har fruktknute og frukt som er linjeforma og utviklar ei langskulpe. Rosekarse har ofte noko raudskjær i kronblad, stengel og blad, men aldri gult, medan Draba-artane aldri har noko raudskjær i nokon plantedel, men mange av dem er gulbloma.
Kjelder
Ball PW (1993). Braya Sternb. & Hoppe. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 323.
Böcher TW (1973). Interspecific hybridization in Braya (Cruciferae). Annales Botanici Fennici 10: 57–65.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Gjærevoll O (1990). Braya linearis Rouy. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 36–37 + pl. 5.
Harris JG (2010). Braya Sternberg & Hoppe. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 546–552.
Løkken S (1969). Noen nye funn av Braya linearis Rouy, spesielt fra Sør-Norge, og noen bemerkninger til den bisentriske utbredelse av denne art i Skandinavia. Blyttia 27: 107–117.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Warwick SI, Shehbaz IA, Sauder C, Harris JG og Koch M (2004). Phylogeny of Braya and Neotorularia (Brassicaceae) based on nuclear ribosomal internal transcribed spacer and chloroplast trnL intron sequences. Canadian Journal of Botany 82: 376–392.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Rosekarse Braya linearis Rouy. www.artsdatabanken.no/Pages/345526. Lasta ned <dag.månad.år>.