Damkarse vart tidlegare rekna som ein framand art og som innkomen berre nokre få gonger mellom 1850 og 1960, kanskje dels med ballastjord. I 2016 blei han funnen som nokså opplagt heimleg i Østfold. Det er uvisst kor lenge arten har vakse som heimleg her.

Kjenneteikn

Damkarse er ei eittårig og snau urt, med stenglar opptil 30 cm (men oftast lågare). Planten er utan bladrosett, men har 5–10 finna stengelblad med 3–8 par avlangt kileforma, heile småblad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Kronblada er 1,8–2,5 mm og kvite. Frukta er ei langskulpe på 10–20 mm, opprett på sprikjande skaft. Frøa er smalt vengjekanta.

Kromosomtal

Damkarse er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Før 2016 var damkarse berre kjent som ein sjeldsynt, framand plante i Noreg, komen inn fire stader og på ukjent vis: i Oslo på “Tøienløkken” i 1865 (og seinare funnen som ugras i Botanisk hage i 1889–1904) og ved Munkedamsveien i Pipervika i 1865 (her kanskje frå ballastjord), på Kostøl i Tveit i Kristiansand (Vest-Agder) i 1960 og på Kjoland i Karmøy (Rogaland) i 1850. Økologien kring desse tidlege funna er lite kjent.

I 2016 vart arten funnen som heimleg ved Nordre Maugestensevja ved Østre Holen i Sarpsborg (Østfold). Han vart effektivt ettersøkt og vart i 2018 òg funnen ved Kattekrossevja nokre få kilometer vekk (Løfall 2020). Dei heimlege førekomstane ligg i boreonemoral sone. Det er uvisst om arten har vore lenge i landet eller om han er nokså nyleg etablert, men vi heller til den første hypotesen. På begge stadene i Sarpsborg veks han på leire i flaumsona til Glåma. Frøa blir truleg spreidde berre med fuglar og vatn.

Arten er elles utbreidd i fleire delområde i Europa (men manglar på Dei britiske øyane), i Nordvest-Afrika, i midtre Asia, og i Nord-Amerika (her som subsp. virginica (L.) O.E.Schulz, sjå Hultén og Fries 1986). Dei næraste førekomstane til dei norske er ved Vänern i Västergötland, Dalsland og i Värmland, og her veks planten i liknande habitat som dei i Sarpsborg.

Forvekslingar

Damkarse liknar kanskje mest på skogkarse Cardamine flexuosa og rosettkarse Cardamine hirsuta, men skil seg i at han manglar rosett, er heilt snau, i at småblada ikkje er tanna, og i at han har endå kortare kronblad enn desse to (opptil 2,5 mm mot 2,5 mm og oppover).

Kjelder

Al-Shehbaz IA, Marhold K og Lihová J (2010). Cardamine Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 464–484.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hultén E og Fries M (1986). Atlas of North European Vascular Plants North of the Tropic of Cancer. I. Koeltz Scientific Books, Königstein. 498 s.

Jones BMG, Akeroyd JR og Marhold K (1993). Cardamine L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 346–351

Løfall BP (2020). Spontane lokaliteter for damkarse Cardamine parviflora i Sarpsborg, Østfold. Blyttia 78: 253–258.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Damkarse Cardamine parviflora L. www.artsdatabanken.no/Pages/345549. Lasta ned <dag.månad.år>.