Åkersennepslekta
Rhamphospermum
Slekta er nyleg akseptert med artar som er skilde ut frå slektene Sinapis og Brassica. Ho omfattar berre fire artar, opphaveleg med tyngdepunkt kring Middelhavet, to av dei som framande i Noreg: åkersennep (tidlegare i sennepslekta Sinapis) og svartsennep (tidlegare i kålslekta Brassica).
- Innhold
- Siter nettsida som:
Artane er eitt- til fleirårige urter som er strihåra på dei nedre delane. Blada er frå grovtanna til buktflika. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er sprikjande, utan sekkforma grunn, og ofte fell dei tidleg av. Kronblada er gule. Frukta er ei langskulpe med ein griffeldel som er forma som eit oftast langt, konisk (ikkje samantrykt) nebb. Griffeldelen er kortare enn eller om lag jamlang med veggdelen. Veggane i veggdelen har 3–7 tydelege nervar. Skulpa kan vere strihåra eller snau, og ho kan stå på sprikjande skaft eller vere tiltrykt stengelen. Frøa sit i veggdelen i éi rekkje i kvart skulperom, og dei er nokså talrike (8–17 frø).
Slekta, slik ho er avgrensa av Al-Shehbaz (2021), har berre fire aksepterte artar med sine tyngdepunkt kring Middelhavet. Dei to artane åkersennep Rhamphospermum arvense (tidlegare Sinapis arvensis) og svartsennep Rhamphospermum nigrum (tidlegare Brassica nigra) er vidt kulturspreidde. Rhamphospermum pubescens (L.) Al-Shehbaz er noko utbreidd i mediterrane område i Frankrike, Italia, Albania og Nord-Afrika, og Rhamphospermum labasii (Maire) Al-Shehbaz (tidlegare ført til ei særskild slekt som Trachystoma labasii Maire) er ein lokal art i Marokko.
Plants of the World Online (POWO) skil no (i februar 2024) ut svartsennep i ei anna, monotypisk slekt: Mutarda Bernh., som Mutarda nigra (L.) Bernh. Monotypisk tyder at slekta berre har éin art. Vi har ikkje funne ut kvifor svartsennep er handsama slik; den publikasjonen som handsaminga byggjer på, er på russisk og lite tilgjengeleg for oss.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2021). Nomenclatural adjustments in Eutrema, Ceratocnemum, Rhamphospermum, and Sinapis (Brassicaceae, Cruciferae). Harvard Papers in Botany 26,1: 1–4.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Åkersennepslekta Rhamphospermum Andrz. ex Besser. www.artsdatabanken.no/Pages/345654. Lasta ned <dag.månad.år>.