Vindbukkslekta
Rapistrum
Vindbukkslekta er utbreidd i Middelhavsområdet og nærliggjande delar av Europa, Nord- og Nordaust-Afrika og Vest-Asia. Ho har berre to aksepterte artar, og begge er funne i Noreg. Dei er framande og svært sjeldsynte eller tilfeldige plantar komne inn med korn og ballastjord.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Vindbukk-artane er eitt- til fleirårige, nokså grove urter som er strihåra med ugreina hår. Blada er tanna eller grunt til djupt flika. Blomane sit i ein meir eller mindre greina klase. Begerblada er nokså opprette, og kronblada er gule. Slekta har ei karakteristisk skulpe som i prinsippet er ei leddskulpe med to ledd, men dersom berre det øvre leddet utviklar frø blir ho ei nøttskulpe. Det nedre leddet er veggdelen av frukta og er sylindrisk med (0–)1(–3) frø, og dette leddet kan opne seg. Det øvre leddet er griffeldelen av frukta og er tjukkare, med berre eitt frø, og opnar seg ikkje. Frukta er rukkete eller ribbete og har eit smalt konisk, svært tydeleg nebb.
Det finst berre to artar i slekta: russevindbukk Rapistrum perenne og lodnevindbukk Rapistrum rugosum, men den sistnemnde arten er mangeforma og blir stundom delt opp på fleire underartar.
Namnet ‘vindbukk’ heng saman med korleis og kor plantane veks. Som vaksne er plantane breie og rikt greina, og når sesongen er over, brekk stengelen av ved grunnen og heile planten kan rulle bortover marka med vinden og spreie frukter og frø. Dette er ein spreiingsteknikk for plantar som veks i tørre område med open vegetasjon og mykje vind: i steppe og ørken. Slike plantar blir ofte kalla ‘markløparar’ eller ‘steppehekser’ (på engelsk: ‘tumbleweeds’). ‘Vindbukk’ er eit godt namn for slike.
Kjelder
Carvalho e Vasconcellos J og Akeroyd JR (1993). Rapistrum Crantz. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 414–415.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad H, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Warwick SI (2010). Rapistrum Crantz. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 440–441.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Vindbukkslekta Rapistrum Crantz. www.artsdatabanken.no/Pages/313810. Lasta ned <dag.månad.år>.