Engkarseslekta er ei av dei store slektene i krossblomfamilien, med 200–260 artar. Ho er utbreidd over om lag heile verda, frå Arktis sør til grensa mot Antarktis. I Noreg reknar vi no med ti artar. Storparten er heimlege, men nokre kan ha både heimlege førekomstar og førekomstar som har framand opphav.

Engkarseslekta Cardamine er nokså mangfaldig. Her representert med den nokså vidt utbreidde arten engkarse. 

Artane er eitt- til fleirårige urter. Dei er plantar med granne røter, oftast opprette stenglar. Grunnblada og i alle fall dei nedre stengelblada er oftast finna. Hos høgfjellskarse Cardamine bellidifolia er blada heile, og fleire artar som ikkje veks i Noreg har trekopla eller fleirkopla blad. Dei er snaue eller er grissent håra med ugreina hår. Blomestanden er ein klase som hos storparten av artane strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er tiltrykte og sekkforma ved grunnen hos tannrot Cardamine bulbifera medan dei er oppstigande og ikkje sekkforma ved grunnen hos dei andre artane. Kronblada er kvite, rosa eller lilla. Frukta er ei noko samantrykt langskulpe med veggar som krøllar seg opp brått og slengjer ut frøa. Skulpeveggen er utan eller med ein lite markert midtnerve. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.

Heimlege artar av slekta Cardamine finst i alle verdsdelar og storparten av verdas land. Dei manglar berre i nokre tropiske område og i dei tørraste delane av subtropisk Afrika og Arabia. I Noreg finst Cardamine-artar i heile landet til høgt opp i fjellet, på Jan Mayen og Svalbard.

Tidlegare rekna ein ei nokså stor gruppe med skogartar til ei særskild slekt, Dentaria L., i Noreg med tannrot Cardamine bulbifera (tidlegare Dentaria bulbifera). Desse artane blir no inkluderte i Cardamine.

Cardamine-artane er så mangfaldige at dei kan likne på mange andre krossblomar. Eit felles trekk for slekta er den noko samantrykte langskulpa med skulpeveggar som krøllar seg opp. Dette er eit trekk som få (om nokre) andre krossblomar har. Eit anna trekk som få andre har, er at blada er finna. Somme har òg skafta småblad.

Dei fleste artane i slekta har finna blad, og stundom er småblada skafta.

Frukta er ei flattrykt langskulpe med veggar som krøllar seg opp brått og slengjer ut frøa. 

Kjelder

Al-Shehbaz IA, Marhold K og Lihová J (2010). Cardamine Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 464–484.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jones BMG, Akeroyd JR og Marhold K (1993). Cardamine L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 346–351.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Engkarseslekta Cardamine L. www.artsdatabanken.no/Pages/313777. Lasta ned <dag.månad.år>.