Kålrot
Brassica napus subsp. rapifera
Kålrot er ein viktig kulturplante ikkje berre i Noreg, men i alle tempererte og til dels boreale område. Han har vore mykje brukt både som grønsak og som dyrefôr. Han er nok den mest hardføre av alle kulturplantar i kålslekta og er mykje brukt òg i fjelldalane og nordpå.
Kjenneteikn
Kålrot er toårig. Første året set planten ein stor rosett med kålgrøne blad og ei tjukk, knollforma rot. Andre året set han, om han ikkje allereie er hausta, ein høg blomestengel. Stengelen har kålgrøne, snaue blad. I blomestanden sit knoppar og opne blomar på om lag same høgda. Blomane er store med 10–15 mm lange kronblad.
Kromosomtal
Kålrot er tetraploid med eit sekundært grunntal x = 19 (hybridogent frå primære grunntal på x = 9 og x = 10) og kromosomtal 2n = 38. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Kålrot er funnen i åkerkantar, på vegkantar og på anna skrotemark. Han vert sjeldan registrert, og kartet er difor tynt. Dei funna som er gjorde, kjem truleg frå søling frå transportar av frø ut til åkeren.
Kommentarar
Kjelder seier at kålrot har vore dyrka i Noreg sidan 1600-talet (i Danmark sidan 1800 ifølgje Hartvig 2015).
Forvekslingar
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Wikipedia/Kålrot https://no.wikipedia.org/wiki/Kålrot Lasta ned 7/11/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Kålrot Brassica napus subsp. rapifera Metzg. www.artsdatabanken.no/Pages/345519. Lasta ned <dag.månad.år>.