Yunnanballblom
Trollius yunnanensis
Yunnanballblom er innført som prydplante, men berre rapportert som forvilla éin stad i landet, i Tromsø i 1996. Identiteten er noko usikker. Arten kjem opphaveleg frå Sørvest-Kina.
Kjenneteikn
Yunnanballblom er ei 20–80 cm høg, fleirårig urt med rak og snau, ugreina eller fågreina stengel. Blada er snaue, blanke og djupt handflika. Blomane sit enkeltvis eller to til tre saman og er oftast 4–5,5 cm breie og opent bolleforma med fem til sju breie, guloransje, petaloide (kronbladliknande) begerblad som dekkjer kvarandre. Innanfor desse sit mange små, smale kronblad (nektarium) som er kortare enn pollenberarane. Dei mange fruktblada vert til skolmkapslar.
Kromosomtal
Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Yunnanballblom er innført og vert stundom dyrka som hagestaude. Han er funnen forvilla berre éin gong, i Tromsø (Troms) i 1996, i ei klynge i ein skogkant. Identiteten er noko usikker, men vi har førebels ikkje noko godt forslag på kva dette elles kan vere. Arten er heimleg i Sørvest-Kina.
Forvekslingar
Yunnanballblom har ingen opplagde forvekslingsartar.
Kjelder
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Liangqian L og Tamura M (2001). Trollius Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 137–142.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Yunnanballblom Trollius yunnanensis (Franch.) Ulbr. www.artsdatabanken.no/Pages/286508. Lasta ned <dag/månad/år>.