Polarsoleie
Ranunculus sulphureus
Polarsoleie er ein nokså lågvaksen, heimleg plante som veks i snøleie i fjellet nordpå og i fuktig tundra på Bjørnøya og Svalbard. Beger og stengel er karakteristisk rustbrunt håra.
Kjenneteikn
Polarsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 5–25 cm høg. Stengelen er ugreina og rustbrunt håra. Grunnblada er tjukke og kjøtfulle, breitt spadeforma til runde med breitt kileforma eller tverr grunn og djupt grovtanna i toppen. Blada er grisse håra både på skaft og underside. Blomeskafta er trinne. Blomane er 1,5–3,5 cm breie med glinsande gule kronblad. Begerblada er tett brunhåra og ikkje nedbøygde. Fruktsamlinga vert høg og smal. Fruktfestet har stive, brune hår. Smånøttene er glatte, med eller utan hår, og med nebb om lag halvparten så langt som smånøtta.
Kromosomtal
Arten er høgpolyploid (oktoploid, dekaploid og dodekaploid) med grunntal x = 8. 2n = 64, 80, 96. Teljingar på 2n = 96 er mellom anna utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Polarsoleie veks i snøleie, kjelder og i fuktig tundra. På fastlandet veks han i to område: frå Målselv i Troms til vest i Alta og Kautokeino (Finnmark) og frå Porsanger og Nordkapp aust til Vardø i Finnmark. Her veks han ofte på noko mindre baserik grunn og i subarktisk sone og lågalpint til mellomalpint høgdebelte. Økologi og utbreiing i fastlands-Noreg vert diskutert av Gjærevoll (1990). I Arktis er han vanleg på storparten av Svalbard, inkludert Bjørnøya, der han oftast veks på baserik grunn i sørarktisk til polarørkensone.
Kommentarar
Hybriden mellom polarsoleie og dvergsoleie R. pygmaeus er sjeldsynt på Svalbard, funnen saman med foreldra nokre frå stader kring Isfjorden.
Stundom finn ein på Svalbard dvergplantar med svært små blomar heilt nede i bladrosetten, men med same bladform som polarsoleie. Desse liknar på den arktiske arten sabinesoleie R. sabinei R.Br. som er kjend frå dei nordlegaste delane av Asia, Nord-Amerika og Grønland. Sabinesoleie er tetraploid, 2n = 32. Sabinesoleie er òg rapportert nokre gonger frå Svalbard, m.a. hos Hultén & Fries (1986: kart 853), men vi har enno ikkje sett noko overtydande materiale og tolkar dvergplantane nemnde ovanfor, som ein modifikasjon innanfor polarsoleie.
Forvekslingar
Polarsoleie liknar på snøsoleie; båe har brunhåra stengel og beger. Dei skil seg i formen på grunnblada: polarsoleie sine er runde eller breitt spadeforma i omriss, grovt tanna i enden og med kileforma eller tverr grunn, medan snøsoleie sine er kantete i omriss, nokså djupt delte i flikar og med hjarteforma grunn. Fruktfestet er håra hos polarsoleie, medan det er snautt hos snøsoleie.
Kjelder
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Gjærevoll O (1990). Ranunculus sulphureus. I: Gjærevoll O, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 97 + pl. XXIX.
Hulten E og Fries M (1986). Atlas of North European Vascular Plants North of the Tropic of Cancer I-III. Koeltz Scientific Books, Königstein.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Polarsoleie Ranunculus sulphureus Sol. www.artsdatabanken.no/Pages/286379. Lasta ned <dag/månad/år>.