Gjennom Artsprosjektet lyser Artsdatabanken no ut tilskot til nettverkstiltak.

På ein workshop i juli 2021, fekk dei 17 deltakarane ny kompetanse på gallemygg og andre galledannarar. Foto: Hallvard Elven. Lisens: CC BY-SA 4.0

For Artsdatabanken er det eit mål å bidra til auka kompetansen på taksonomi og biosystematikk i Noreg, og å stimulere til å styrkte nettverk i fagmiljøet. Med dette freistar me å sikre langsiktig oppbygnad av kunnskap om artar i Noreg, og då spesielt om artsgrupper der kunnskapen er mangelfull. Workshops, kurs, seminar, konferansar, eller andre faglege tiltak, gjer at forskarar, studentar og amatørar får møtt kvarandre og utveksla kunnskap og kompetanse innen taksonomi og biosystematikk. Slik vert gode faglege samarbeidsrelasjonar og nettverk etablert. Gjennom Artsprosjektet kan du no søkje om tilskot til slike tiltak.

Viktige kriterium for vurderinga av søknader er fagleg kvalitet, i kva grad tiltaket lar seg gjennomføre og relevans jamfør utlysinga.

Total budsjettramme for utlysinga er kr 600 000, og maksimal stønadssum per søknad er kr 200 000. 

Heile utlysingsteksten finn du i menyen til høgre.

Søknadsfrist 19. september 2024.

Søknader som kjem inn etter at fristen har gått ut vil ikkje bli vurdert. Søknader vil vere ferdig behandla av Artsdatabanken innan 6. oktober 2024.