Raudsurbær
Aronia arbutifolia
Raudsurbær er ein framand art frå Nord-Amerika som er litt dyrka som prydbusk. Han er førebels ikkje dokumentert som forvilla i norsk natur; han er truleg i overkant varmekjær.
Kjenneteikn
Raudsurbær er ein opptil 2 m høg busk som set rotskott (ein skilnad mot ×Sorbaronia). Blad, blomestandakse, underbeger og begerblad er tetthåra. Blada sit skruestilte som elles i rosefamilien, og dei er oftast omvendt eggforma med små, men tydelege og tettstilte tenner, om lag alltid med ein svartraud kjertel i spissen. Kjertelen utgjer ein betydeleg del av tanna. Langsmed oversida av midtnerven og ofte litt ut på sidenervane sit det talrike, svartraude og tappforma kjertlar, ein spesiell karakter som skil Aronia (og ×Sorbaronia) frå andre buskar både i rosefamilien og elles. Blomane er kvite og sit i nokså diffuse halvskjermar. Fruktene (bærepler) er relativt små, det vil seie ca. 0,5 cm (opptil 0,7 cm) i diameter, og dei er håra, blanke og raude som mogne. Frøa vert spreidde seg med fugl som et dei saftige bærepla.
Kromosomtal
Arten er tetraploid med grunntall x = 17 og kromosomtal 2n = 68. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Raudsurbær er innført og vert berre i begrensa grad dyrka som prydplante. Arten er førebels ikkje dokumentert som forvilla i norsk natur; tidlegare angjevingar er ikkje lenger godtekne (sjå avsnitt under).
Raudsurbær kjem opphaveleg frå austlege Nord-Amerika, liksom den andre arten og hybridarten i slekta, og han går i sør nokså langt vest og er meir austleg i nord, truleg av di han er noko mindre vinterherdig eller meir varmekrevjande enn svartsurbær Aronia melanocarpa.
Kommentarar
Dei tidlegare funna av raudsurbær i norsk natur (frå Rogaland og Sogn og Fjordane) er etter ein revisjon (sjå Elven og Hegre 2023) ikkje lenger godtekne, dels på grunn av manglande dokumentasjon og dels på grunn av feilbestemming.
Forvekslingar
Buskar med skruestilte, tanna blad med dei karakteristiske tappforma kjertlane på midtnerven og stundom på sidenervene, kan ikkje vere noko anna enn surbær i vid forstand (Aronia eller ×Sorbaronia). Raudsurbær og dei andre Aronia-taksaene skil seg frå storsurbær i bladtanninga som er tett (med svært små tenner) og om lag alltid med ein om lag svart kjertel i enden, medan storsurbær har grøvre tenner og ofte utan kjertel i enden, og der kjertelen – om han finst – utgjer ein mykje mindre del av tanna. Raudsurbær har ein meir diffus blomestand og mindre frukter enn storsurbær. Blada er omtrent alltid breiast ovanfor midten hos raudsurbær, ikkje kring midten som hos storsurbær. I tillegg set Aronia-artane rotskott, noko storsurbær ikkje gjer.
Raudsurbær skil seg frå både svartsurbær og purpursurbær i hårklednad. Blad, blomestandsakse, underbeger og begerblad er tetthåra hos raudsurbær medan dei er snaue eller om lag snaue hos svartsurbær og grisse håra hos purpursurbær. Mogne frukter er raude, blanke og håra hos raudsurbær medan dei er blankt svarte og snaue hos svartsurbær, og mørkt purpurfarga, matte og grisse håra hos purpursurbær.
Kjelder
Brand MH, Obae SG, Mahoney JD og Connolly BA (2022). Ploidy, genetic diversity and speciation of the genus Aronia. Scientia Horticulturae 291, 110604.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R og Hegre H (2023). Surbær i Norge har vært misforstått. Blyttia 81: 99–111.
Hageselskapets sortsliste (1973). 5. utg., 2. opplag. Det norske hageselskap. 165 s.
Hageselskapets sortsliste (2005). 10. utg. Det norske hageselskap. 304 s.
Hardin JW (1973). The enigmatic chokeberries. Bulletin of the Torrey Botanical Club 100: 178–184.
Mahoney JD, Hau TM, Connolly BA og Brand MH (2019). Sexual and apomictic seed reproduction in Aronia species with different ploidy levels. HortScience 54: 642–646.
Pankhurst RJ (2014). Aronia Medikus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.), Flora of North America North of Mexico 9. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=1&taxon_id=102649
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Raudsurbær Aronia arbutifolia (L.) Pers. www.artsdatabanken.no/Pages/366661. Lasta ned <dag.månad.år>