Kulekarse
Rorippa austriaca
Kulekarse er framand og kom frå først av inn med ballastjord og med korn ved møller. Han er bufast mange stader på Austlandet og Sørlandet, fram til 1980-talet òg i Hordaland og Trøndelag. Arten kjem opphaveleg frå Mellom- og Aust-Europa.
Kjenneteikn
Kulekarse er ei fleirårig urt med krypande jordstenglar, og ho veks ofte i store bestandar. Stenglane er opprette, opptil 80 cm. Planten er snau eller om lag snau. Alle blada er elliptiske, heile eller uregelrett tanna (heilt utan flikar), og bladgrunnen er stengelomfattande med tydelege bladøyre. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er 3–5 mm og gule. Frukta er ei kuleforma kortskulpe, 2,5–3,5 mm. Ho sit på eit 4–15 mm langt, grant og oppstigande skulpeskaft og er oftast mykje kortare enn skulpeskaftet. Griffelen er 1–1,4 mm lang.
Kromosomtal
Kulekarse er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Kulekarse er framand. Dei tidlegaste funna er frå ballastplassar og ved møller og kornsiloar, først funnen i 1906 i “Kropdalen” og på Ladehammaren i Trondheim (Sør-Trøndelag, på kjende ballastplassar), men allereie i 1908 med ti andre funn ved møller i Skien (Telemark) og Kristiansand (Vest-Agder) og dessutan i Trondheim (Sør-Trøndelag). Planten veks på vegkantar, i engkantar og på skrotemark, på næringsrik og oftast baserik grunn. Utbreiinga ligg i nemoral og boreonemoral sone. Han er bufast, i alle fall på Austlandet der han er funnen i Stange (Hedmark), Gjøvik (Oppland; ikkje synleg på kartet) og sørover frå Oslo til Larvik (Vestfold) og Skien (Telemark). Vidare er det mange funn i kyststrøk til Vaksdal, Bergen, Askøy og Meland (Hordaland) og i Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag), men etter 1994 er han berre funnen på Austlandet og Sørlandet.
Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Mellom-Europa austover til austlege europeisk Russland.
Kommentarar
Hybridar mellom kulekarse og brunnkarse, Rorippa austriaca × Rorippa palustris, kan vere funne i Åmli (Aust-Agder) og Søgne (Vest-Agder).
Forvekslingar
Kulekarse skil seg frå hybridkulekarse Rorippa ×armoracioides i at alle blada hos den første er utan flikar og skulpa kulerund og om lag alltid fullt utvikla, medan i alle fall dei nedre blada hos den andre alltid har nokre flikar ved grunnen, skulpa er breitt elliptisk og det ofte er mykje abortar i fruktsamlinga. Den arten kulekarse liknar mest på, er vasskarse Rorippa amphibia. Desse to skil seg i at kulekarse har stengelomfattande bladgrunn med bladøyre, noko vasskarse ikkje har. Dessutan er forveksling lite truleg; vasskarse er ikkje funnen i Noreg på meir enn 100 år. Ein bør likevel halde auga og mogelegheita oppe for at denne arten kan kome inn til landet att ved eiga maskin.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Rorippa Scopoli. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 493–506.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Jonsell B (1968). Studies in the north-west European species of Rorippa s. str. Symbolae Botanicae Upsaliensis 19,2: 1–222.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Valentine DH og Jonsell B (1993). Rorippa Scop. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 344–345.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Kulekarse Rorippa austriaca (Crantz) Besser. www.artsdatabanken.no/Pages/345661. Lasta ned <dag.månad.år>.