Hybridkulekarse
Rorippa ×armoracioides
Hybridkulekarse er ein hybridart mellom ein art som sikkert er innført i nokså ny tid i Noreg (kulekarse) og ein art som nok er innført, men som kan ha vore her lenge (vegkarse). Til trass for usikker eller dårleg frøformeiring, har han vorte mykje meir utbreidd enn den eine av foreldreartane (kulekarse).
Kjenneteikn
Hybridkulekarse er ei fleirårig urt, med krypande jordstenglar, og ho veks ofte i store bestandar. Stenglane er opprette, opptil 80 cm. Planten er snau eller om lag snau. Dei nedre stengelblada er ofte grunt flika, dei øvre stengelblada er grovtanna til grunt flika, og bladgrunnen er stengelomfattande med tydelege bladøyre. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er 3–4,5 mm og gule. Frukta er ei breitt elliptisk kortskulpe, 2,5–7,5 mm lang, og ofte utviklar berre nokre av fruktene seg. Skulpa sit på eit sprikjande til oppstigande skulpeskaft og er mykje kortare enn skulpeskaftet. Griffelen er 1–1,5 mm lang.
Kromosomtal
Hybridkulekarse er tetraploid med grunntal x = 8 (sjeldan 6) og kromosomtal 2n = 32 (24). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Hybridkulekarse er framand, frå først av truleg komen inn med korn, sidan med transportmiddel. Han kan òg ha oppstått spontant nokre stader ved hybridisering mellom foreldra (kulekarse Rorippa austriaca og vegkarse Rorippa sylvestris). Han blei først funnen ved Maridalsveien i mølleområdet i Oslo i 1905. Han veks på grasmark, vegkantar og anna skrotemark, oftast på noko næringsrik og noko basisk grunn. Utbreiinga ligg hovudsakleg i nemoral og boreonemoral sone, med nokre få funn i sørboreal sone. Arten er hyppig på Austlandet nord til Åmot og Ringsaker (Hedmark), Gjøvik og Søndre Land (Oppland) og Tinn (Telemark), og han er funnen spreidde stader i kyststrøk til Granvin og Kvam (Hordaland) og dessutan i Balestrand (Sogn og Fjordane) og Malvik (Sør-Trøndelag). Han er nok framleis i auke og spreier seg med frø, sjølv om frøsetjinga er dårleg.
Denne hybridarten synast å vere heimleg frå Mellom-Europa austover til Sentral-Asia og Vest-Sibir.
Kommentarar
I Noreg er denne hybridarten meir hyppig og har større utbreiing enn den eine av foreldreartane (kulekarse). Dette tyder sterkt på at han hovudsakleg er komen inn og spreidd som hybridart, og truleg ikkje er mykje komen opp frå lokal hybridisering i Noreg.
Forvekslingar
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Jonsell B (1968). Studies in the north-west European species of Rorippa s. str. Symbolae Botanicae Upsaliensis 19,2: 1–222.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Valentine DH og Jonsell B (1993). Rorippa Scop. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 344–345.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Hybridkulekarse Rorippa ×armoracioides (Tausch) Fuss. www.artsdatabanken.no/Pages/345659. Lasta ned <dag.månad.år>.