Vasskarse er førebels berre funnen som framand i Noreg, komen inn med ballastjord frå 1883 til 1908. Han har vore borte frå landet i meir enn 100 år. Kjem han til Noreg att, er det mest sannsynleg at han kjem som heimleg ved spreiing frå førekomstar kring Nordsjøen og Skagerrak.

Kjenneteikn

Vasskarse er ei fleirårig urt med krypande jordstenglar, og ho veks ofte i store bestandar. Stenglane er opprette, og dei vert 1 m eller meir. Planten er snau. Dei nedre stengelblada kan vere flika ved grunnen, men dei øvre stengelblada er berre tanna, og bladgrunnen er ikkje stengelomfattande og manglar oftast bladøyre. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er 3,3–6,2 mm lange og gule. Frukta er ei breitt elliptisk kortskulpe, 2,5–7,5 mm. Ho sit på eit 5–17 mm langt, grant og sprikjande til noko nedbøygd skulpeskaft og er noko kortare enn skulpeskaftet. Griffelen er 0,8–1,8 mm lang.

Kromosomtal

Vasskarse er diploid og tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtala 2n = 16 og 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Vasskarse er førebels framand og berre komen inn med ballastjord. Han er funnen på ballastplassar i Oslo i 1883–84, Tvedestrand (Aust-Agder) i 1903 og Trondheim (Sør-Trøndelag) i 1908. Der arten er heimleg, veks han på svært våte stader, ofte ute i grunne vass-samlingar på noko næringsrik grunn.

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Vest- og Sør-Europa (og Algerie i Nord-Afrika) austover til Aust-Sibir. Arten er heimleg i Danmark og i Sverige i sør og aust nord til Uppland. Blir arten funnen i Noreg no, vil dette truleg skuldast sjølvspreiing frå heimlege førekomstar kring Nordsjøen og Skagerrak.

Forvekslingar

Vasskarse skil seg frå både kulekarse Rorippa austriaca og hybridkulekarse Rorippa ×armoracioides i at blada ikkje har bladøyre ved grunnen. Frå kulekarse skil han seg dessutan i at skulpa er breitt elliptisk, ikkje kulerund. Forveksling er elles lite truleg; vasskarse er ikkje funnen i Noreg på meir enn 100 år, men ein bør halde auga og mogelegheita oppe for at arten kan kome inn til landet att ved eiga maskin.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Rorippa Scopoli. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 493–506.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jonsell B (1968). Studies in the north-west European species of Rorippa s. str. Symbolae Botanicae Upsaliensis 19,2: 1–222.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Valentine DH og Jonsell B (1993). Rorippa Scop. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 344–345.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Vasskarse Rorippa amphibia (L.) Besser. www.artsdatabanken.no/Pages/345660. Lasta ned <dag.månad.år>.