Ramkarse er ein framand art som opphaveleg kjem frå Sør-Amerika. Han er kulturspreidd som ugras over store delar av verda.

Ramkarse har ei særprega frukt som ser ut som ho er sett saman av to halvkuler. Planten er framand og er ein utprega ballastplante, slike som kom inn med ballastjord med skip. Han veks framleis på fleire ballastplassar og i kystbyar frå Østfold til Rogaland.

Kjenneteikn

Ramkarse er eitt- til toårig, med nedliggjande eller noko opprette stenglar opptil 30 cm. Stenglar og blad er snaue eller noko håra. Grunnblada sit ikkje tett samla, og dei er nokså langskafta og 1–2 gonger fjørdelte. Stengelblada er kortskafta og fjørdelte med heile eller tanna flikar. Blomestandane er klasar som sit motsette blada nede på stengelen. Kronblada manglar eller dei er kvite og svært korte, om lag 0,5 mm lange og kortare enn begerblada. Blomane har to pollenberarar. Frukta er ei tjukk kortskulpe, berre 1,3–1,7 mm lang, som synest vere sett saman av to halvkuler med eit innhakk i toppen og ei grop mellom dei. Frukta er noko ruglete med tydelege nervar, men utan ribber og vorter. Ho sit på eit skaft som oftast er lengre enn skulpa. Skulpa blir til ei spaltfrukt der dei to halvdelane kvar er ei nøttfrukt som blir spreidde kvar for seg. Planten har ei sterk, nokså vond lukt (jf. det norske namnet).

Stengelblada er kortskafta og fjørdelte med heile eller tanna flikar.

Blomestandane er klasar som sit motsette blada nede på stengelen, eit uvanleg trekk i slekta og familien. 

Frukta er ei tjukk kortskulpe som blir til ei spaltfrukt der dei to halvdelane kvar er ei nøttfrukt. Ho ser ut som to halvkuler med eit innhakk i toppen og ei grop mellom dei og sit på eit skaft som oftast er lengre enn skulpa. Dei to halvdelane blir spreidde kvar for seg.

Kromosomtal

Ramkarse er tetraploid (sjeldan diploid) med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32 (16). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Arten veks på vegkantar og anna skrotemark og som ugras i hagar, her som ugras i botanisk hage på Tøyen i Oslo.

Ramkarse er framand og oftast komen inn med ballastjord og med korn ved møller og kornsiloar. Han vart først funnen i Oslo i 1861 (eller 1862), på “Jernbanetomten” der ballastjord vart brukt for å fylle ut grunnen for utbygginga av Østbanestasjonen. Utbreiinga ligg i nemoral og boreonemoral sone. Arten er funnen mange stader i kyststrøk frå Østfold, Oslo og Skedsmo (Akershus) til Karmøy (Rogaland) og dessutan i Bergen (Hordaland, fram til 1946), Ålesund (Møre og Romsdal, som gartneriugras i to gartneri i 2017–22) og Kristiansund (Møre og Romsdal, på ballastjord i 1865 og truleg spirt opp frå frøbank i gammal ballastjord i 1971). Arten veks på vegkantar, i hagar og på skrotemark. Han har gått attende i seinare tid, men er framleis bufast mange stader langsmed kysten frå Østfold og Oslo til Stavanger og Strand (Rogaland).

Ramkarse kjem opphaveleg frå Sør-Amerika der han veks sørover frå Peru og Brasil. Han er kulturspreidd som ugras over store delar av verda.

Kommentarar

Ramkarse og slektningen kråkekarse Lepidium coronopus vart tidlegare rekna til ei særskild slekt, Coronopus (som høvesvis Coronopus didymus (L.) Sm. og Coronopus squamatus (Forssk.) Asch.), mykje på grunn av dei sidestilte blomestandane og den særprega frukta. Desse to artane er elles ikkje svært like kvarandre. Molekylære undersøkingar gjer at dei no blir inkluderte i storslekta Lepidium (sjå Al-Shehbaz mfl. 2002).

Forvekslingar

Ramkarse kan berre bli forveksla med kråkekarse; begge har sidestilte blomestandar som nede på stengelen sit motsett blada og frukter, noko som skil seg frå matkarseslekta Lepidium elles. Ramkarse manglar eller har berre svært korte kronblad (kring 0,5 mm) og ei nokså jamn frukt med eit innhakk i toppen. Kråkekarse har tydelege kronblad som er meir enn 1 mm lange og ei litt tilspissa, knudrete frukt.

Kjelder

Al-Shehbaz IA og Gaskin JF (2010). Lepidium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 570–595.

Al-Shehbaz IA, Mummenhoff K og Appel O (2002). Cardaria, Coronopus, and Stroganowia are united with Lepidium (Brassicaceae). Novon 12: 5–11.

Ball PW (1993). Coronopus Haller. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 402.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Ramkarse Lepidium didymum L. www.artsdatabanken.no/Pages/345626. Lasta ned <dag.månad.år>.