Ramkarse.

Ramkarse har ei særprega frukt som ser ut som ho er sett saman av to halvkuler. Planten er framand og er ein utprega ballastplante, slike som kom inn med ballastjord med skip. Han veks framleis på fleire ballastplassar og i kystbyar frå Østfold til Rogaland.

Ramkarse Lepidium didymum L.
Creative Commons Attribution | Reidar Elven | Hanne Hegre | Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo | FlowerPower
Kart. Utbredelse i Norge.