Tettkarse
Lepidium densiflorum
Tettkarse er ein framand art og er den vidast utbreidde av artane i den nordamerikanske gruppa av matkarseslekta i Noreg. Han er godt etablert mange stader, særleg på Austlandet, og er truleg i auke.
Kjenneteikn
Tettkarse er eitt- eller toårig, med stivt opprette stenglar opptil 30 cm. Grunnblada og dei nedre stengelblada er fjørdelte med stor endeflik, men grunnblada visnar tidleg. Dei øvre stengelblada er smalt avlange og tanna. Blomestanden er ein eller fleire klasar som strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet. Kronblada er ørsmå eller manglar. Blomen har to pollenberarar. Frukta er ei breitt elliptisk til breitt omvendt eggforma kortskulpe som er 2–3,5 mm lang. Ho har ein smal vengjekant med eit grunt innhakk som griffelen ikkje stikk utom. Frøa er utan tydeleg vengjekant. Tettkarse kjennast kanskje lettast på at kvar klase blir påfallande lang, ugreina og med ein regelrett form i fruktstadiet.
Kromosomtal
Tettkarse er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Tettkarse er framand og komen inn med ballastjord, korn, grasfrø og transportmiddel. Han veks tørt og oftast på noko baserik grunn. Han blir lett spreidd med transportmiddel og er oftast å sjå langsmed vegar og jernbanar, og dessutan i bygater og andre bymiljø. Utbreiinga som bufast strekkjer seg frå nemoral til litt inn i mellomboreal sone. Han blei først funnen på “Sælen” i Bergen (Hordaland) i 1879 og er funnen i låglandet og dalføra nord til Levanger (Nord-Trøndelag) og med eitt funn i Alta (Finnmark) i 1913. Han er òg funnen éin gong på Svalbard, i Barentsburg i 1988. Hovudtyngda av utbreiinga ligg på Austlandet nord til Mjøsområdet, og dessutan er han lokalt hyppig i Gudbrandsdalen. Etter 2000 er det berre eitt funn utanfor Austlandet, men på Austlandet er han godt etablert og truleg i auke.
Tettkarse kjem frå Nord-Amerika, der han er vanleg i stordelen av Canada og USA og går sør til nordlege Mexico. Elles er arten vidt utbreidd som framand i storparten av Europa og Asia og nokre få stader i Argentina.
Kommentarar
Tettkarse høyrer til ei nordamerikansk artsgruppe av svært like og sikkert nærskylde einingar. Ved sidan av tettkarse reknar vi med rundkarse Lepidium neglectum og virginiakarse Lepidium virginicum. Det har vore antyda at dei berre er litt ulike utformingar av éin art, på grunn av at dei har så små blomar og er sjølvpollinerte og innavla. Al-Shehbaz og Gaskin (2010) inkluderer rundkarse i tettkarse, men held virginiakarse utanfor. Vi freistar her å halde alle tre frå kvarandre og ynskjer andre lukke til med det same.
Forvekslingar
Hos tettkarse er skulpa breitt omvendt eggforma (dvs. ikkje heilt rund), medan ho er sirkelrund i omkrins hos rundkarse og virginiakarse. Hos rundkarse og tettkarse er kronblada anten heilt reduserte eller svært små og kortare enn begerblada, medan dei hos virginiakarse oftast er velutvikla og om lag 1,5 gonger så lange som begerblada.
Elles kan tettkarse bli forveksla med den mest vanlege Lepidium-arten i Noreg, stankkarse Lepidium ruderale. Medan tettkarse har frukt som er litt breiare ovanfor midten, og som sit på eit skaft som er om lag jamlangt med skulpa, har stankkarse ei frukt som er elliptisk i omkrins eller litt breiare nedanfor midten, og som sit på eit skaft som er tydeleg lengre enn skulpa. Stankkarse har òg ein mykje meir uryddig og uregelrett greina fruktstand enn tettkarse og artane som er nærskylde med tettkarse.
Kjelder
Al-Shehbaz IA og Gaskin JF (2010). Lepidium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 570–595.
Carvalho e Vasconcellos J de, Akeroyd JR og Rich TCG (1993). Lepidium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 398–402.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Tettkarse Lepidium densiflorum Schrad. www.artsdatabanken.no/Pages/345625. Lasta ned <dag.månad.år>.