Snøsløyfe er ein fleirårig halvbusk som vert dyrka som prydplante og stundom ramlar ut eller vert kasta ut frå hagar.

Snøsløyfe er ein framand art som vert dyrka som hageplante. Han er komen i meir bruk i seinare tid. Han vert ofte dyrka på berg og mur, kan vekse seg nokså vid og kan difor ramle ut eller bli kasta ut frå hagar. Han er truleg ikkje bufast enno.

Kjenneteikn

Snøsløyfe er ein halvbusk der dei nedre delane av stenglane er forveda, medan dei øvre visnar ned om hausten. I motsetnad til dei to eittårige Iberis-artane, har snøsløyfe mange bladskott utan blomestenglar. Stenglar og blad er snaue. Stenglane kan bli opptil 25 cm. Blada er vintergrøne, smalt linjeforma, heile og mørkgrøne. Blomane sit i halvskjerm med blomeskaft som er tett papilløse på oversida, og blomestanden strekkjer seg noko i fruktstadiet. Kronblada er kvite; dei to lange er 6–13 mm og vender utover i halvskjermen, dei to korte er 3–6 mm og vender innover. Frukta er ei eggforma kortskulpe med vengjekantar som er butte øvst. Griffelen er kort, 1–3 mm, men stikk ut av innhakket i vengjekanten.

Blada er vintergrøne, smalt linjeforma, heile og mørkgrøne. Blomane sit i halvskjerm, og blomestanden strekkjer seg noko i fruktstadiet. 

Kronblada er kvite, og dei to lange vender utover i halvskjermen, medan dei to korte vender innover. 

Kromosomtal

Snøsløyfe er diploid (sjeldan kanskje heksaploid) med grunntal x = 11 og kromosomtal 2n = 22 (66). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Snøsløyfe er framand og innført som prydplante. Planten blir ofte dyrka i fjellhagar, på murar og berg, og her kan det ramle av skott som rotslår utanfor hagen. Vi trur ikkje at han frøformeirar seg i norsk natur (enno). Han blei først funnen i naturen på Vollen i Asker (Akershus) i 1991 og er seinare funnen eit fåtal stader utanfor hagar: i Oslo, Nittedal, Bærum og Asker (Akershus), Lier og Drammen (Buskerud), Porsgrunn (Telemark), Tvedestrand, Froland og Valle (Aust-Agder) og Kristiansand, Søgne og Lindesnes (Vest-Agder), og heilt nyleg i Eigersund (Rogaland) i 2019 og i Ålesund (Møre og Romsdal) i 2017. Han kan vere i ferd med å etablere seg i Noreg og då kanskje helst på Sørlandet og i Rogaland (i nemoral og boreonemoral sone).

Den heimlege utbreiinga ligg i Middelhavsområdet, i Sør-Europa, Nordvest-Afrika og Vest-Asia (Tyrkia og Syria), der han er ein utprega bergplante.

Forvekslingar

Dei monosymmetriske krossblomane og veksemåten som halvbusk er unike trekk i norsk flora. Han liknar noko på dei to eittårige artane i slekta, prydsløyfe Iberis amara og skjermsløyfe Iberis umbellata, men skil seg i veksemåte.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Iberis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 563–564.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Pinto da Silva AR og Amaral Franco J (1993). Iberis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 390–393.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Snøsløyfe Iberis sempervirens L. www.artsdatabanken.no/Pages/345618. Lasta ned <dag.månad.år>.