Skjermsløyfe
Iberis umbellata
Skjermsløyfe er framand og kom tidlegare inn med ballastjord, seinare som krigsspreidd med tyske troppar under andre verdskrigen. No er han ein vanleg sommarblome (eittårig) i norske hagar og blir nokså ofte funnen forvilla, men er ikkje kjent som bufast i norsk natur enno.
Kjenneteikn
Skjermsløyfe er eittårig, med opprett, snau stengel opptil 50 cm. Blada er linjeforma til svært smalt omvendt lansettforma, snaue og heile eller om lag heile. Blomane sit i ein flat halvskjerm med blomeskaft som er ruhåra (eller med lange papillar) heilt rundt. Blomestanden strekkjer seg ikkje i fruktstadiet. Kronblada er lysraude eller lyst purpurfarga; dei to lange er 10–15 mm og vender utover i blomestanden, dei to korte er 6–10 mm og vender innover. Frukta er ei avrunda kortskulpe, men med vengjekantar som går opp i to spissar ved sidan av griffelen. Griffelen er 2–4,5 mm lang og stikk utom vengjekantane.
Kromosomtal
Skjermsløyfe er diploid (sjeldan tetraploid) med grunntala x = 7, 8 og kanskje 9 og kromosomtala 2n = 14, 16 (18, 34). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Skjermsløyfe er framand. Arten kan vere komen inn nokre gonger med ballastjord frå 1920-talet (først funnen i naturen ved Kapelldammen på Bygdøy i Oslo i 1925), og arten kom inn nokre stader med tyske troppar og hestefôr under andre verdskrigen. Hovuddelen av funna heng likevel saman med forvilling frå dyrking som prydplante. Arten er funnen mange stader i kyststrøk og låglandet frå Østfold, Oslo og Ringerike til Rogaland, og nokre få stader vidare til Trondheim (Sør-Trøndelag) og i Rana (Nordland). Det er mange funn i nyare tid, på vegkantar, plassar med hageavfall og anna skrotemark. Vi kjenner ikkje til nokre etablerte bestandar førebels.
Skjermsløyfe er heimleg på nordsida av Middelhavet, frå Frankrike austover til tidlegare Jugoslavia.
Forvekslingar
Skjermsløyfe kan bli forveksla med den andre eittårige Iberis-arten, prydsløyfe Iberis amara. Dei skil seg i at prydsløyfe har spatelforma og tanna eller flika blad, medan skjermsløyfe har linjeforma og om lag heile blad; i at prydsløyfe har korthåra stengel og kanthåra blad, medan skjermsløyfe er snau; i at prydsløyfe har kvite kronblad, medan skjermsløyfe har lysraude eller lyst purpurfarga kronblad; og særleg i at prydsløyfe har frukt med ein smal vengjekant og kort griffel (opptil 2 mm), medan skjermsløyfe har svært brei vengjekant som går opp i to spissar øvst, og mykje lengre griffel (2–4,5 mm) som stikk framom vengjekanten. Den tredje Iberis-arten, snøsløyfe Iberis sempervirens, er ein halvbusk og kan ikkje bli forveksla med desse to eittåringane.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Iberis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 563–564.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Pinto da Silva AR og Amaral Franco J (1993). Iberis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 390–393.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Skjermsløyfe Iberis umbellata L. www.artsdatabanken.no/Pages/345619. Lasta ned <dag.månad.år>.