Russedagfiol er framand og sikkert dokumentert berre to gonger frå Noreg, truleg komen inn med russisk korn ved møller.

Kjenneteikn

Russedagfiol er ei to- eller fleirårig urt med opprette stenglar som kan bli 1 m eller meir. Stengel og blad er grissent strihåra med korte, gaffelgreina hår og nokre få ugreina hår, og dei er utan kjertlar. Både grunnblada og stengelblada er smalt lansettforma, spisse og tanna eller heile, og dei midtre og øvre stengelblada er sitjande og med meir eller mindre stengelomfattande grunn. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet, med noko opprette fruktskaft og frukter. Kronblada er 15–25 mm lange og raudfiolette. Frukta er ei knudrete langskulpe som er noko håra nedst, men snau oppe. Griffelen er lang (1,5–2,5 mm). Arret er djupt toflika. Kvar skulpevegg har éin tydeleg midtnerve. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.

Kromosomtal

Russedagfiol er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14, men det er få teljingar. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Russedagfiol er framand, truleg komen til Noreg med russisk korn og sikkert dokumentert frå berre to stader: i Oslo (utan kjent lokalitet) i 1915 og ved Treschow Fritzøe mølle i Larvik (Vestfold) i 1996.

Russedagfiol er heimleg i Søraust-Europa og Vest-Asia, særleg i områda kring Svartehavet.

Kommentarar

Russedagfiol og dagfiol høyrer til same artsgruppe i slekta, og Plants of the World Online (POWO) fører opp namnet Hesperis pycnotricha som eit synonym for Hesperis matronalis, noko korkje vi eller Ball (1993) i Flora Europaea er samde i. I Flora Europaea vert dei handsama innanfor det dei kaller «Hesperis matronalis group», så dei er truleg nærskylde.

Forvekslingar

Russedagfiol liknar på dagfiol Hesperis matronalis, men dei skil seg i at blada hos dagfiol aldri er sitjande og stengelomfattande ved grunnen, noko i alle fall dei øvre blada er hos russedagfiol. Forvekslinga er ikkje mykje aktuell, sidan russedagfiol svært sjeldan er funnen i Noreg.

Kjelder

Ball PW (1993). Hesperis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 336–337.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Russedagfiol Hesperis pycnotricha Borbás & Degen. www.artsdatabanken.no/Pages/345611. Lasta ned <dag.månad.år>.