Dagfiol
Hesperis matronalis
Dagfiol er ein framand art som truleg opphaveleg kjem frå Sørvest-Europa. Han har lenge vore dyrka som prydplante i Noreg og er mykje forvilla og naturalisert.
Kjenneteikn
Dagfiol er ei to- eller fleirårig urt med opprette stenglar som blir 1 m eller meir. Stengel og blad er grissent strihåra med ugreina hår som er nedbøygde på stengelen, og med korte, gaffelgreina hår og stundom kjertlar, eller planten er om lag snau. Blada er breitt lansettforma, spisse og tanna, og både grunnblada og stengelblada er skafta. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg nokså mykje i fruktstadiet, med noko opprette fruktskaft og frukter. Kronblada er 15–25 mm lange og raudfiolette eller kvite. Frukta er ei 2–10 cm lang, knudrete og snau langskulpe på eit 0,5–2 cm langt skaft, og med lang griffel (1,5–2,5 mm). Arret er djupt toflika. Kvar skulpevegg har ein tydeleg midtnerve. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom. Blomane har god lukt om kvelden og natta.
Kromosomtal
Dagfiol er di- og tetraploid med grunntala x = 6 og 7 (sjeldan 8) og oftast kromosomtala 2n = 12, 14, 24 og 28 (stundom 16, 26 og 32). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Dagfiol er framand og innført som prydplante. Han vart først funnen i naturen i Noreg i første halvdel av 1800-talet, men kan ha vore her mykje lengre. I Danmark er han dyrka frå 1500-talet (Hartvig 2015). Han er godt naturalisert og veks i grasmark, skogkantar og på vegkantar og anna skrotemark, på næringsrik og ofte noko basisk grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til mellomboreal sone. Arten er utbreidd i heile landet nord til Tromsø og Lyngen (Troms), og han er særleg vanleg på Austlandet nord til Kongsvinger (Hedmark), Lom og Øystre Slidre (Oppland) og Ål (Buskerud) og i kyst- og dalstrøk nord til Bodø (Nordland).
Dagfiol har vore dyrka lenge, og det er uvisst kor han kjem frå opphaveleg. Nokre kjelder seier at han berre er heimleg i Sørvest-Europa frå Spania til Italia, andre at han er heimleg i heile Sør- og Mellom-Europa nord til Tsjekkia og Polen og austover til Vest-Asia.
Forvekslingar
Dagfiol liknar på russedagfiol Hesperis pycnotricha, men dei to skil seg i at blada hos dagfiol aldri er sitjande og stengelomfattande ved grunnen, noko dei er hos russedagfiol. Forvekslinga er ikkje mykje aktuell; russedagfiol er berre funnen som svært sjeldsynt i Noreg. Meir aktuell er forveksling med judaspengar Lunaria annua, men det er berre til planta kjem i frukt. Judaspengar har ei stor, flat kortskulpe som er avrunda i begge endane, og dessutan har denne arten store, hjarteforma og sitjande blad.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Hesperis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 562–563.
Ball PW (1993). Hesperis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 336–337.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Dagfiol Hesperis matronalis L. www.artsdatabanken.no/Pages/345610. Lasta ned <dag.månad.år>.