Wergelands “Til min gyldenlak” syner at gyllenlakk var ein populær prydplante på 1800-talet, truleg meir populær enn no. Diktet vart til mens han låg på sotteseng, og han skriv at han sjølv nok har blitt til jord før gyllenlakk-planta i vindaugskarmen har bløma av. Gyllenlakk er nokså sjeldsynt som forvilla.

Gyllenlakk er ein hageplante som nokså sjeldan stikk av frå dyrking.

Kjenneteikn

Gyllenlakk er ei fleirårig urt eller ein halvbusk (ofte noko forveda nedst) som er rikt greina med oppstigande til opprette greiner, ofte opptil 50 cm eller meir. Blada er smalt elliptiske og heile. Blomestanden er ein kort klase som ikkje strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Blomane er store og velluktande. Kronblada er 15–35 mm lange, gullgule, oransje eller raude (ofte teglraude), brune eller purpur, og ofte med nokre få togreina hår nær grunnen på ryggsida. Frukta er ei 2,5–7,5 cm lang, opprett, tetthåra og noko samanklemt skulpe med eit toflika arr der flikane sprikjer.

Gyllenlakk er fleirårig og kan stundom vere forveda nedst (halvbusk). Blada er smalt elliptiske og heile.

Blomestanden er ein kort klase som ikkje strekkjer seg mykje i fruktstadiet. 

Blomane er store og gullgule, oransje eller raude, brune eller purpur.

Frukta er ei opprett og tetthåra langskulpe med eit toflika arr der flikane sprikjer.

Kromosomtal

Kromosomtalet er noko uvisst. Arten er rapportert med grunntala x = 6 og 7 og kromosomtala 2n = 12, 14 og 22. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Gyllenlakk er framand og innført som prydplante, kanskje òg komen inn med ballastjord. Han blei først funnen i 1922 på “Balastplads paa Bygdø” i Oslo. Seinare er han funnen nokre få stader i kyststrøk frå Oslo til Kristiansand (Vest-Agder) og i Sogndal (Sogn og Fjordane) og Trondheim (Sør-Trøndelag). Det er mogeleg at nokre av desse funna heller høyrer til hagegull Erysimum ×marshallii. Som meir eller mindre heimleg i Middelhavsområdet veks han ofte på murar og berg, noko som er opphavet til det engelske namnet “wallflower”.

Gyllenlakk er truleg opphaveleg ein hybridart frå det austlege Middelhavsområdet (sjå kommentarar), dyrka frå oldtida på grunn av utsjånaden og den gode lukta. Som forvilla er han funnen i svært mange subtropiske og tempererte strøk kring i verda, men han er hyppig berre i Europa.

Kommentarar

Som mogelege foreldreartar har Erysimum corinthium (Boiss.) Wettst. frå Sør-Hellas og Erysimum senoneri (Heldr. & Sart.) Wettst. frå Kykladane (Egeerhavet) vore føreslåtte; sjå Rich (1992).

Forvekslingar

Gyllenlakk liknar berre på éin annan plante, som òg kan ha oransje kronblad, og det er hagegull Erysimum ×marshallii. Desse to skil seg i at hagegull har grunt toflika arr med avrunda, tettsitjande flikar, medan gyllenlakk har flika arr med sprikjande flikar, og at frukta hos hagegull er firkanta i tverrsnitt, medan frukta hos gyllenlakk meir samantrykt. Desse karakterane er frå Stace (2019).

Kjelder

Ball PW (1993). Erysimum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 325–335.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Gyllenlakk Erysimum cheiri (L.) Crantz. www.artsdatabanken.no/Pages/345602. Lasta ned <dag.månad.år>.