Åkergull er truleg ein framand art komen inn med tidleg jordbruk. Han er ofte å sjå i åkrar, på nysådde enger og anna kulturmark.

Kjenneteikn

Åkergull er eittårig med ofte greina stengel opptil 50 cm. Stengel og blad har tiltrykte (malpighiske) gaffelhår og tregreina hår. Stengelen har ofte nokså få (det vil seie 5–10), elliptiske og heile eller grunt tanna blad under blomestanden. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg mykje under fruktmogninga. Kronblada er 3–6 mm lange og gule. Pollenknappen er 0,5–1 mm lang. Frukta er ei 2–5 cm lang langskulpe på 1–1,5 cm lange, sprikjande skaft. Frøa sit truleg i éi rekkje i kvart skulperom. Dei er mindre enn 1,5 mm lange.

Åkergull er ei eittårig (sjå på den spinkle rota!) og ofte greina urt med nokså få (oftast 5–10) stengelblad.

Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg mykje under fruktmogninga. Blomane er gule.

Kromosomtal

Åkergull er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Åkergull er truleg framand og komen inn med tidleg jordbruk, hovudsakleg med korn. I Danmark er han kjent som makrofossil frå førromersk jernalder (500–200 år før vår tidsrekning), og han kan ha kome inn allereie i bronsealderen eller tidlegare. Han veks i åker, nysådd eng, på vegkantar og anna skrotemark, hovudsakleg på næringsrik, men ikkje særleg baserik, grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til mellomboreal sone, og som meir tilfeldig inn i nordboreal sone. Arten er nokså vanleg på kulturmark heilt nord til Troms og med spreidde funn i fjordområda austover til Sør-Varanger (Finnmark). Han er funnen heilt opp til 950 moh. i Lom (Oppland). På Svalbard er han funnen som tilfeldig på Spitsbergen i Barentsburg i 1988, Longyearbyen i 1928 og Bolterdalen i 2016.

Den heimlege utbreiinga omfattar kanskje Sør- og Mellom-Europa og Mellom-Asia, men samanblanding med stor åkergull Erysimum altum gjer det vanskeleg å fastslå utbreiinga meir noggrant. Han er kulturspreidd til Nord-Europa, Nord-Asia og Nord-Amerika (der han er nokså vanleg, sjå Al-Shehbaz 2010) og nokre få andre område.

Kommentarar

Ei utfordring med åkergull er å vurdere kor mykje av den rapporterte utbreiinga som verkeleg gjeld denne arten. Det er gode grunnar for å skilje mellom åkergull Erysimum cheiranthoides og stor åkergull Erysimum altum på artsnivå (sjå kommentarar under stor åkergull), men storparten av rapportar omhandlar desse to kollektivt, mellom anna Al-Shehbaz (2010) og Plants of the World Online (POWO). Det materialet vi har sett frå nordvestlege Nord-Amerika (jf. illustrasjonen hos Hultén 1968), høyrer til dømes til Erysimum altum, men er kartlagt som Erysimum cheiranthoides hos Al-Shehbaz. Dette gjeld òg andre kjelder. Illustrasjonen av Erysimum cheiranthoides hos Rich (1991, teikna frå ein britisk plante) syner ein tydeleg Erysimum altum. Det er tenkjeleg at Erysimum cheiranthoides er mykje mindre utbreidd enn desse kjeldene seier, og at storparten av det nordlege materialet heller er Erysimum altum.

Forvekslingar

Dei nokså smale og heile eller lite tanna blada, kombinert med dei malpighiske håra, gjer Erysimum-artane lett kjennelege til slekt. Åkergull skil seg frå stor åkergull Erysimum altum i at han er eittårig, utan bladrestar ved grunnen av årets blomestengel (medan stor åkergull er toårig med slike restar av fjorårets rosett), og i at han er mykje mindre med langt færre stengelblad, dvs. 5–10. Han skil seg frå berggull Erysimum virgatum i at skulpene sit på sprikjande og ikkje på tiltrykte skaft, og i at han har færre stengelblad, ikkje oppimot 20 eller fleire som hos berggull.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Erysimum Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 534–545.

Ball PW (1993). Erysimum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 325–335.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hultén E (1968). Flora of Alaska and neighboring territories. A manual of the vascular plants. Stanford University Press, Stanford. 1008 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Åkergull Erysimum cheiranthoides L. www.artsdatabanken.no/Pages/345601. Lasta ned <dag.månad.år>.