Skredrublom er den vanlege rasen av arten storrublom og er funnen langsmed og i fjellkjeda i heile landet og på Svalbard.

Skredrublom er den vanlegaste varieteten av storrublom, her i ei "temma" utgåve frå Botanisk hage på Tøyen i Oslo.

Kjenneteikn

Skredrublom har skulpe (og fruktknute) som er snau eller stundom grissent håra, men då utan stjernehår. Planten er grissent til tett stjernehåra med store, kortskafta stjernehår, oftast med fire greiner, på blad og stenglar, men han er oftast heilt snau øvst på blomestenglane, på greiner i blomestanden og på skulpene. Rosettblada og stengelblada er oftast noko tanna.

Hos varieteten skredrublom er skulpe (og fruktknuten) snau eller, som her, grissent håra, men då utan stjernehår. 

Kromosomtal

Skredrublom er oktoploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 64. Teljingar er utførte på norske plantar.

Økologi og utbreiing

Skredrublom er heimleg og veks på open grus, i rasmark, på berghyller og i tørr rabb og grashei, i fjellskogen og noko opp i snaufjellet. Han er òg ofte å sjå på veg- og jernbanekantar, torvtak og anna forstyrra mark. Han veks mest berre på baserik grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå noko opp i mellomboreal sone til mellomarktisk sone og opp i lågalpint belte, med nokre førekomstar i mellomalpint belte, opp til 1560 moh. i Lom (Oppland). Rasen har ei noko todelt utbreiing i og langsmed fjellkjeda i Noreg, med to kjerneområde og nokre få og kanskje tvilsame funn imellom. Det sørlege kjerneområdet strekkjer seg frå Stor-Elvdal (Hedmark), Nordre Land (Oppland) og Jondal (Hordaland) nord til Trollheimen i Rennebu (Sør-Trøndelag). Det nordlege kjerneområdet strekkjer seg frå Lierne (Nord-Trøndelag) til Aust-Finnmark. I Arktis er rasen hyppig i fjordstrøk på Spitsbergen, funnen i alle fall éin stad på Barentsøya og finst kanskje på Edgeøya og Nordaustlandet.

Den globale utbreiinga er vid, men noko uklår. Plants of the World Online (POWO) kartlegg arten (og denne varieteten) under minst tre namn: som Draba hirta på Grønland og i nordlege Eurasia sør til Skandinavia, Kasakhstan og Mongolia og aust til Chukotka, som Draba daurica DC. i Nord-Europa og Nordvest-Sibir (men ikkje frå Dahuria der plantane som det vitskaplege namnet byggjer på, kjem frå), og som Draba glabella Pursh i nordlege Nord-Amerika og Grønland. Legg ein saman desse, får ein fram ein art og rase som er utbreidd i alle boreale og arktiske område.

Hultén og Fries (1986, under namnet Draba hirta) utelukkar han frå område i Europa sør for Skandinavia og kartlegg han som todelt i Asia, med eitt delareal i dei arktiske delane og eit anna i meir sørlege fjell, men ikkje sør til Kasakhstan og Mongolia. Vi trur at dette er riktig.

På grunn av manglande revisjon av opplysningar i ulike kjelder er kartet misvisande og ikkje brukande. Det inneheld truleg svært mykje data som høyrer til andre artar, særleg bergrublom Draba rupestris. Eit omfattande revisjonsarbeid er naudsynt før desse dataene er pålitelege.

Kommentarar

Varieteten skredrublom samsvarar med arten slik han er kjend frå Russland, Sibir, Nord-Amerika og Grønland, og frå elles i Nord-Europa.

Forvekslingar

Skredrublom skil seg frå dovrerublom var. dovrensis i at han har snau eller berre grissent håra skulpe med uregelrett fleirgreina (dendroide) hår; dovrerublom har regelrett og tett stjernehåra skulpe. Dovrerublom har òg oftast utanna blad, medan skredrublom ofte har nokre få, nokså grove tenner på både rosettblad og stengelblad.

Kjelder

Bretten S (1973). Slekta Draba i Knutshø – Finshø-området på Dovre. Sider ved dens systematikk og autøkologi. Cand. real.-oppgåve, Universitetet i Trondheim, Trondheim.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Skredrublom Draba hirta var. hirta. www.artsdatabanken.no/Pages/345583. Lasta ned <dag.månad.år>.