Dovrerublom er ein særling. Han er distinkt i kjerneområdet sitt, i og kring Jotunheimen og Dovrefjell og nordover til Trondheimsområdet, men kva for genetisk bakgrunn han har, er ikkje kjend.

Kjenneteikn

Dovrerublom har skulpe (og fruktknute) som er tett og grått stjernehåra med store, kortskafta stjernehår, ofte med fleire enn fire greiner, på blad og stenglar og heilt opp i blome- og fruktstanden og ut på skulpene. Rosettblada og stengelblada er oftast utanna, stundom korttanna.

Hos varieteten dovrerublom er skulpe (og fruktknuten) tett og grått stjernehåra.

Rosettblada (og stengelblada) er oftast utanna, som her, men kan stundom vere korttanna.

Kromosomtal

Dovrerublom er oktoploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 64. Teljingar er utførte på norske plantar.

Økologi og utbreiing

Dovrerublom er heimleg og veks på tørrbakkar, tørre og solrike berghyller og tørr rabb. Han veks berre på baserik grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå sørboreal til nordboreal sone og noko opp i lågalpint belte (funnen til 1500 moh. i Lom, Oppland). Han veks oftast i fjellskogen, men òg langt nedover i dalane på berghyller, heilt frå dei lokalt varme dalføra i Østerdalen (frå Tynset og Folldal, Hedmark), Gudbrandsdalen (sør til Sør-Fron, Oppland), Valdres (sør til Vestre Slidre, Oppland) og indre Sogn (Luster) og nord til Trondheim (Sør-Trøndelag). Han går òg opp i snaufjellet, men ikkje svært høgt. Dette området er heile utbreiinga til denne litt merkelege planten.

Kommentarar

Dovrerublom liknar morfologisk på mjølrublom Draba arctica og grårublom Draba cinerea, særleg i at stjernehåra går heilt ut på skulpene i fruktstanden, men han har den korte griffelen til arten Draba hirta, og han har kromosomtal og molekylære markørar som knyter han til Draba hirta heller enn til dei andre to artane.

Forvekslingar

Dovrerublom skil seg frå skredrublom var. hirta i at han har regelrett og tett stjernehåra skulpe; skredrublom har snau eller berre grissent håra skulpe med ugreina eller uregelrett fågreina hår. Dovrerublom har oftast utanna blad, medan skredrublom ofte har nokre få, nokså grove tenner på både rosettblad og stengelblad.

Kjelder

Bretten S (1973). Slekta Draba i Knutshø – Finshø-området på Dovre. Sider ved dens systematikk og autøkologi. Cand. real.-oppgåve, Universitetet i Trondheim, Trondheim.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Dovrerublom Draba hirta var. dovrensis (Fr.) Blytt ex Fr. www.artsdatabanken.no/Pages/345582. Lasta ned <dag.månad.år>.