Puterublom
Draba corymbosa
Puterublom er ein heimleg art og ein av dei mest høgarktiske plantane vi har. Han er truleg avgrensa til Svalbard i norsk samanheng og er knytt til høgarktiske område elles i verda òg. Artsnamnet “corymbosa” tyder halvskjermforma og syfter på fruktstanden.
Kjenneteikn
Puterublom er ei fleirårig urt som veks i tette tuver med stenglar opptil 10 cm. Blada sit i rosett og har hovudsakleg stive, nokså tjukke, ugreina hår. Blomestenglane er bladlause og strihåra med stort sett berre lange, stive ugreina hår. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg svært lite i fruktstadiet. Begerblada er breie, grågrøne og oftast tydeleg poseforma ved grunnen. Kronblada er lysgule, 4–6 mm lange, nesten like breie som lange, og dei sprikjer (blomen er heilt open). Fruktstanden er kort og halvskjermforma, med store, breitt elliptiske eller avlange til om lag runde og jamt strihåra skulper mest med ugreina hår. Griffelen er tydeleg, oftast 1 mm lang eller lengre. Frøa er brune.
Kromosomtal
Puterublom er høgpolyploid med eit varierande kromosomtal. Grunntalet er nok x = 8, og kromosomtala varierer frå 2n = om lag 100 til 144. Teljingar (av 2n = 128, dvs. 16-ploid) er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Puterublom er heimleg og veks på rabbar, i tørr tundra og på open grus på baserik grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå mellomarktisk sone til polarørkensona. Han er vanleg på Svalbard (men ikkje funnen på Bjørnøya). Det er eit meir enn 100 år gammalt, men godt herbariebelegg frå Guolasjavri-området i Kåfjord (Troms), men førekomst i Fastlands-Noreg er ikkje bekrefta i nyare tid.
Arten er arktisk sirkumpolar, under ei rekkje ulike namn (sjå kommentarar). Han er utbreidd i nordlege Grønland, arktisk Canada og Alaska, i arktisk Sibir og vestover til Franz Joseph Land og Svalbard.
Kommentarar
Tidlege molekylære undersøkingar synte at arten var sterkt polyfyletisk (Brochmann mfl. 1992b), dvs. at det er fleire kryssingar og polyploidiseringar, kanskje mellom fleire enn to foreldreartar, som ligg til grunn for han.
Nokre få stader på Spitsbergen er det funne plantar som kan vere hybridar med mjølrublom: Draba arctica × Draba corymbosa. Begge foreldreartane er høgpolyploide, og desse hybridane kan vere noko frøfertile. Dei kan vere meir utbreidde enn det som er kjent til no.
Det er få arktiske karplantar som har vore så omstridt som puterublom. Han har vore namnfesta under mange namn som fleire ulike artar, bygde på lokale variasjonar, mellom andre Draba bellii Holm frå Grønland og Nord-Amerika, Draba macrocarpa Adams frå Sibir, og Draba kjellmanii Lid ex E.Ekman frå arktisk europeisk Russland. Dei molekylære resultata (Brochmann mfl. 1992a, 1992b) tyder på at dette skyldast den komplekse, polyfyletiske bakgrunnen. Framtidige undersøkingar kan føre til at arten blir splitta opp.
Forvekslingar
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.
Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.
Brochmann C, Soltis DE og Soltis PA (1992a). Electrophoretic relationships and phylogeny of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). Plant Systematics and Evolution 182: 35–70.
Brochmann C, Soltis PS og Soltis DE (1992b). Recurrent formation and polyphyly of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). American Journal of Botany 79: 673–688.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Puterublom Draba corymbosa R.Br. ex DC. www.artsdatabanken.no/Pages/345578. Lasta ned <dag.månad.år>.