Dvergrublom
Draba crassifolia
Dvergrublom er påfallande både systematisk, geografisk og morfologisk. Han har eit merkeleg, hybridogent opphav, ei særs oppsplitta utbreiing, og han er svært kortvaksen og så godt som snau.
Kjenneteikn
Dvergrublom er ei fleirårig urt som oftast veks einskild eller i små tuver. Han blir berre 2–3 cm høg. Alle blada sit i rosett og er tjukke og snaue eller stundom med nokre få, ugreina kanthår. Blomestengelen er snau. Blomestanden er ein svært kort klase som knapt strekkjer seg i fruktstadiet. Kronblada er lysgule, 1,5–2,5 mm lange og knapt lengre enn begerblada, smale, og dei står på skrå oppover (blomen er halvopen). Frukta er ei smalt eggforma og stundom halvmåneforma bøygd kortskulpe som er snau og om lag utan griffel.
Kromosomtal
Dvergrublom har kromosomtal 2n = 40, sjå kommentarar. Teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Dvergrublom er heimleg og veks i snøleie på baserik grunn, i låg- og mellomalpint belte. Han er ein nordleg fjellplante i Skandinavia (nordleg unisentrisk) og er funnen som sjeldsynt frå Hattfjelldal (Nordland) til Tromsø og Nordreisa (Troms). Han har òg nokre førekomstar på svensk side i fjellkjeda. For norsk utbreiing, sjå Gjærevoll (1990).
Hovuddelen av den globale utbreiinga ligg i Rocky Mountains i vestlege Nord-Amerika, frå nær grensa mot Mexico i sør til søraustlege Alaska i nord. Dessutan har han eitt utbreiingsområde i Nordaust-Canada, eitt i Vest-Grønland og eitt i Aust-Grønland, og altså eitt i Nord-Skandinavia.
Kommentarar
Walters og Akeroyd (1993) fører dvergrublom til seksjonen Drabella, saman med dei eittårige artane murrublom Draba muralis og vegrublom Draba nemorosa. Dette er opplagt feil, og dei skriv òg at han er “Perhaps better included in Sect. Draba”. Windham (2004) gjev morfologiske og cytologiske data som tyder på at han er ein allopolyploid art oppkomen ved kromosomdobling frå ein hybrid mellom amerikanaren Draba albertina Greene (2n = 24), utbreidd i dei same områda i Rocky Mountains som dvergrublom, og den vidt utbreidde arten alperublom Draba fladnizensis (2n = 16). Grunnkromosomtalet er difor sekundært, frå ein kombinasjon av (truleg) x = 12 frå Draba albertina og x = 8 frå Draba fladnizensis. Opphavet ligg mest truleg i Rocky Mountains.
Like merkeleg er utbreiinga. Arten finst i fem nokså godt skilde område. Korleis har han kome seg frå Rocky Mountains til desse? Arten har svært lite effektiv spreiing, så vidt vi veit, og ei spreiing etter siste istid tvers over Canada, til både Vest- og Aust-Grønland og over Atlanteren med vidare stor spreiing i Nord-Skandinavia, er ikkje særleg sannsynleg. Dvergrublom kan vere ein av dei betre indikasjonane på istids-overleving i Skandinavia (og på Grønland).
Forvekslingar
Dvergrublom har ingen opplagde forvekslingsartar; han er om lag snau, noko ingen andre av dei gulbloma rublom-artane er.
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.
Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.
Brochmann C, Soltis DE og Soltis PA (1992). Electrophoretic relationships and phylogeny of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). Plant Systematics and Evolution 182: 35–70.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Gjærevoll O (1990). Draba crassifolia Grah. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 57–58 + pl. XIII.
Hultén E og Fries M (1986). Atlas of North European Vascular Plants North of the Tropic of Cancer. I. Koeltz Scientific Books, Königstein. 498 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Windham MD (2004). Chromosome counts and taxonomic notes on Draba (Brassicaceae) of the Intermountain West. 2: Idaho, Nevada and vicinity. Madroño 50: 221–231.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Dvergrublom Draba crassifolia Graham. www.artsdatabanken.no/Pages/345579. Lasta ned <dag.månad.år>.