Karpatrublom
Draba aizoides
Karpatrublom er ein framand art. Han er innført som prydplante og er berre funnen som forvilla éin gong i Noreg. Arten er hovudsakleg heimleg i fjellområde i Mellom- og Sør-Europa.
Kjenneteikn
Karpatrublom er ei fleirårig urt med blomestenglar opptil 10 cm. Ho er om lag snau med unnatak av bladkanten (sjå nedanfor) og veks i tette tuver eller puter med alle blada i rosett. Blada er linjeforma til smalt avlange, berre 0,5–1,5 mm breie, heile, spisse, stive og med ugreina kanthår. Blomestenglane er bladlause. Blomestanden er ein klase med opptil 20 blomar. Klasen er svært kort under bløminga, men strekkjer seg litt i fruktstadiet. Begerblada er 2,8–4 mm lange og opprette. Kronblada er 4–6 mm lange, og dei sprikjer ut (blomen er heilt open). Dei er gule, omvendt eggforma og like lange som pollenberarane. Frukta er ei elliptisk kortskulpe, oftast snau, og med ein lang og tydeleg griffel på 1–2,5 mm.
Kromosomtal
Karpatrublom er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Karpatrublom er framand, nokså ofte dyrka som prydplante, men han er funnen berre èin gong i norsk natur, i Larvik (Vestfold) i 1985 på “Brunlafeltet ... noen få eks. på gresslåtte 50–60 m fra nærmeste bebyggelse. Observert på Brunlafeltet de siste tre år”. Arten er opplagt forvilla frå ein hage.
Den heimlege utbreiinga er hovudsakleg i fjell i Mellom- og Sør-Europa, frå Pyreneane gjennom Alpane til Karpatane. Det er òg isolerte småpopulasjonar i låglandet i Belgia og i sørlege Wales.
Kommentarar
Karpatrublom høyrer til seksjonen Aizopsis DC., ei nokså stor artsgruppe med minst 17 aksepterte artar i fjellstrøk i Mellom- og Sør-Europa og austover til Tyrkia, kanskje òg vidare austover og i Nord-Afrika; sjå Walters og Akeroyd (1993). Artane liknar mykje på kvarandre, og det er ikkje sikkert at det materialet som er funne i Noreg, høyrer til akkurat arten Draba aizoides. Éin eller fleire artar i denne gruppa er nokså mykje dyrka som prydplantar i Noreg.
Forvekslingar
Karpatrublom er nokså ulik alle andre norske Draba; dei linjeforma, spisse og stive rosettblada med hår berre i kanten skil han frå andre Draba. Han liknar heller ikkje på andre norske krossblomar.
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Karpatrublom Draba aizoides L. www.artsdatabanken.no/Pages/345571. Lasta ned <dag.månad.år>.