Gullrublom er ein heimleg, gulbloma art som er utbreidd i områda kring Nord-Atlanteren i Canada, Grønland, Svalbard og til fjellstrøk i Nord-Europa. Namnet Draba alpina har ofte vore feilaktig nytta for mange andre arktisk-alpine, gulbloma artar av slekta.

Kjenneteikn

Gullrublom er ei fleirårig urt som kan bli opptil 20 cm høg, men som oftast er meir lågvaksen. Alle blada sit i rosett; blomestengelen er bladlaus. Blada har ofte ugreina hår i kanten og skafta, greina hår på plata, ofte med 2–4 greiner. Blomestengelen har tilsvarande både greina hår og korte, ugreina hår. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er opprette, smalt eggforma til avlange og noko raudfarga. Kronblada er djupt gule, 3,5–5 mm lange og nokså smale, og dei overlappar ikkje og står på skrå oppover (blomen er halvopen). Fruktstanden er lang med sprikjande greiner. Frukta er ei elliptisk skulpe som er snau eller (sjeldan og mest på Svalbard) grissent håra både på kanten og på flatene. Griffelen er relativt kort, dvs. opptil 0,3 mm lang. Frøa er bleikbrune.

Blada har ofte enkle hår i kanten og skafta, fågreina hår på plata. Stengelen er håra med same typar hår.

Gullrublom har djupt gule kronblad i ein klase. Blomen er halvopen, og kronblada er smale og overlappar ikkje kvarandre.

Begerblada er opprette, smalt eggforma til avlange og noko raudfarga. Blomen er halvopen.

Kromosomtal

Gullrublom er dekaploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 80. Mange teljingar er utførte på norsk materiale. I dag godtek vi berre dette kromosomtalet for denne arten. Dei mange rapportane med andre tal gjeld andre gulbloma artar.

Økologi og utbreiing

Gullrublom er heimleg og veks i snøleie og på flytjord, på fuktige berghyller, i fuktig tundra og polygonmark, og oftast på baserik grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå litt inn i nordboreal til nordarktisk sone og opp til mellomalpint belte i fjellet, funnen opp til 1740 moh. i Oppdal (Sør-Trøndelag). Utbreiinga i fjellkjeda er todelt (bisentrisk). I sør er han nokså sjeldsynt frå Alvdal (Hedmark), Vågå (Oppland) og Sunndal (Møre og Romsdal) til Holtålen og Rennebu (Sør-Trøndelag) og Surnadal (Møre og Romsdal). I nord er han litt mindre sjeldsynt frå Hattfjelldal og Rana (Nordland) til Alta (Finnmark). For fleire detaljar kring utbreiinga i Fastlands-Noreg, sjå Bretten (1990). I Arktis er han vanleg på Svalbard: på Spitsbergen og storparten av dei andre øyane, inkludert Bjørnøya.

Det har vore mykje diskusjon kring kor stor utbreiinga til arten Draba alpina er (sjå Elven mfl. 2011 og kommentarar nedanfor). Storparten av dei mange gulbloma artane av Draba har no og då vore kalla Draba alpina. I dag reknar vi med at arten, slik han no er avgrensa, finst i Nordaust-Canada, på Grønland og i Nord-Europa (Noreg, Sverige, Finland, nordlegaste europeisk Russland og Svalbard).

Gullrublom veks i snøleie og på flytjord, i fuktig tundra og polygonmark, og – som her – på fuktige berghyller. Han veks oftast på baserik grunn som her på Høgegga i Folldal.

Kommentarar

I ei hovudoppgåve klårla Bretten (1973) at det som tidlegare hadde vore rekna som Draba alpina i fjellkjeda, høyrde til to ulike artar: Draba alpina L. s. str. og Draba oxycarpa Sommerf. (av Bretten då kalla Draba gredinii E.Ekman). Storparten av plantane i fjellkjeda høyrer til Draba alpina, men Bretten fann Draba oxycarpa i sentrale fjellstrøk i Sør- og Midt-Noreg: i Jotunheimen, Dovrefjell og Trollheimen. Seinare blei han òg funnen i sentrale fjellstrøk i nord, frå Salten til Troms. Svalheim og Wegener (1990) undersøkte økologien til dei to artane på Knutshø på Dovrefjell. Dei fann at artane hadde ulike, men overlappande nisjer. Draba alpina veks på meir fuktige og lenge snødekte stader; Draba oxycarpa meir på tørre og snøfattige rabbar. Brochmann mfl. (1992, 1993) fann at desse to artane skil seg i kromosomtal; Draba alpina er dekaploid med 2n = 80, medan Draba oxycarpa er oktoploid med 2n = 64, og at dei ikkje er svært nærskylde i molekylære markørar. Då hadde det allereie lenge vore klårt at òg det arktiske materialet delte seg på dei same to artane, med Draba alpina på Bjørnøya og øyane i Spitsbergen-gruppa, Draba oxycarpa på Jan Mayen og øyane i Spitsbergen-gruppa, men kanskje ikkje på Bjørnøya. På øyane i Spitsbergen-gruppa er dei begge vanlege og om lag like vanlege (sjå Svalbardflora, Elven mfl. 2020).

Alle eller om lag alle dei gulbloma, arktisk-alpine artane blei tidlegare ofte rekna til éin art under namnet Draba alpina. Dette er feil; dei høyrer til minst ti artar. Gullrublom er ein heimleg art med ei bisentrisk utbreiing i fjell-Noreg. Han er elles amfi-atlantisk og dekaploid, avgrensa til Nordaust-Canada, Grønland og til fjellstrøk i Nord-Europa inkludert Svalbard.

I Colesbukta på Spitsbergen finst ein sær populasjon av ein plante førebels namnsatt som Draba alpina, der blada hovudsakleg har tett med stjernehår, ein hårtype ein ikkje skal finne hos denne arten, og der stenglane er lange og blomestanden stor og noko forlengd. Denne populasjonen samsvarar mykje med arten Draba glacialis Adams, ishavsrublom, elles kjend frå nordaustre delar av europeisk Russland (inkludert Novaja Semlja) og frå Nord-Sibir. Vi har samanlikna plantar frå Colesbukta og Nord-Sibir og finn liten eller ingen skilnad. Truleg må vi med tida akseptere arten Draba glacialis frå Svalbard. Walters (1993) antydar at arten óg kan finnast i Nord-Noreg, men det er lite truleg. Vi inkluderer ikkje morfologien i denne populasjonen i artsomtalen og heller ikkje denne planten i nøkkelen.

Gullrublom er rapportert med nokre hybridar, men dei synest alle vere sterile. Hybridar med lapprublom, Draba alpina × Draba lactea, er rapporterte frå Målselv (Tromsø) og frå mange stader på Svalbard. Hybridar med bleikrublom, Draba alpina × Draba oxycarpa, er rapporterte frå fleire stader på Dovrefjell (Dovre, Oppland; Oppdal, Sør-Trøndelag) og finst truleg fleire stader der foreldra veks saman. Den uventa hybriden med halvkulerublom, Draba alpina × Draba subcapitata, er funnen eit par stader ved Isfjorden på Spitsbergen, og materialet er nokså overbevisande.

Forvekslingar

Gullrublom liknar mykje på bleikrublom Draba oxycarpa og puterublom Draba corymbosa, og namnet gullrublom har tidlegare vorte nytta om alle desse artane. Han skil seg frå begge dei to andre i at begerblada er nokså smale og litt raudfarga, og i at kronblada òg er nokså smale og står på skrå oppover (blomane er halvopne). Hos dei to andre er begerblada mykje breiare og reint grøne, og blomane er heilt opne med sprikjande kronblad. Skulpa hos gullrublom er snau eller noko håra over det heile. Hos bleikrublom har ho berre nokre hår på kantsaumen. Hos puterublom er ho stivhåra, og denne arten har mykje lengre griffel enn dei to andre. Han har òg mykje stivare og tjukkare hår i det heile. Om plantane har frø, så er desse bleikbrune hos gullrublom og svartbrune hos bleikrublom, medan dei er mellombrune hos puterublom.

Kjelder

Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.

Bretten S (1973). Slekta Draba i Knutshø – Finshø-området på Dovre. Sider ved dens systematikk og autøkologi. Cand. real.-oppgåve, Universitetet i Trondheim, Trondheim.

Bretten S (1990). Draba alpina L. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 56–57 + pl. XIII.

Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.

Brochmann C, Soltis DE og Soltis PA (1992). Electrophoretic relationships and phylogeny of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). Plant Systematics and Evolution 182: 35–70.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022

Svalheim EJ og Wegener C (1990). Overlappende nisjer hos Draba alpina L. og Draba oxycarpa Sommerfelt på Knutshø, S. Trøndelag: En autøkologisk undersøkelse. Cand. scient.-oppgåve, Universitetet i Oslo, Oslo.

Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Gullrublom Draba alpina L. www.artsdatabanken.no/Pages/345572. Lasta ned <dag.månad.år>.