Skjørbuksurt
Cochlearia officinalis
Skjørbuksurt er heimleg og er ein av dei vanlegaste plantane på havstrand i heile Fastlands-Noreg. Arten er formrik og delt på tre rasar, og éin av desse går utanfor havstrand, hovudsakleg i kjeldesik i lier og fjell. Skjørbuksurt har eit høgt innhald av C-vitamin og vart tidlegare nytta som middel mot skjørbuk, spesielt blant sjøfolk nordpå.
Kjenneteikn
Skjørbuksurt er ei toårig til kortlevd fleirårig snau urt. Stenglane er ofte grove og nokså stive. Hovuddelen av blada sit i rosett. Desse grunnblada er tjukke (kjøttfulle), oftast med eit tydeleg skaft, og med ei avrunda eller nyreforma bladplate som er tverr eller hjarteforma ved grunnen, og som er utan eller med nokre få tenner. Stengelblada er sitjande og ofte bukttanna. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i frukt, og der fruktskafta er lengre enn fruktene. Kronblada er omvendt lansettforma eller spatelforma, kvite (sjeldan lysraude) og (3,5–)4–7 mm lange, oftast meir enn dobbelt så lange som begerblada. Blomane har honninglukt. Frukta er ei tjukk, rund eller elliptisk kortskulpe på 3,5–9 mm, med ein griffel som er 0,3–1 mm lang.
Kromosomtal
Skjørbuksurt er tetraploid med grunntal x = 6 og kromosomtal 2n = 24. Teljingar er utførte på norsk materiale. Det er teljingar òg av andre tal, men dei høyrer truleg til andre artar.
Økologi og utbreiing
Skjørbuksurt er heimleg og vanleg langsmed heile norskekysten frå nemoral til subarktisk sone og opp i mellomalpint belte. Sjå elles underartane. Den globale utbreiinga omfattar kystane i Vest-Europa nord til Finnmark og noko austover i nordlegaste Russland (men ikkje Svalbard og truleg ikkje Island).
Kommentarar
Arten er formrik og svært grundig studert i Noreg (sjå Nordal mfl. 1986, Nordal og Stabbetorp 1990, Nordal og Laane 1990, 1996). Tre underartar er aksepterte. Dei skil seg i økologi og geografi: strandskjørbuksurt subsp. officinalis er den vanlege planten på havstrand heilt nord til og med Finnmark, men ikkje i dei mest brakke fjordområda. I desse områda veks fjordskjørbuksurt subsp. norvegica frå Ryfylke til Aust-Finnmark (og vidare på Kolahalvøya og ved Kvitsjøen). Begge desse rasane er toårige og blømer berre éin gong. I Nord-Noreg går skjørbuksurt opp i fjellet, frå sørlege Nordland til Aust-Finnmark, særleg på stader med kjelder, og denne rasen er kjeldeskjørbuksurt subsp. integrifolia som er fleirårig og oftast blømer fleire gonger.
Nokre stader på berg på ultramafisk grunn (olivin, serpentin) er det funne avvikande plantar med små, rosa blomar, mellom anna i Gratangen i Troms. Desse er ikkje knytt til havstrand eller kjelder, og dei har ikkje fått noko særskilt namn.
Forvekslingar
Skjørbuksurt-artane liknar mykje på kvarandre. Dansk skjørbuksurt Cochlearia danica er eittårig og har tydeleg skaft på dei øvre stengelblada, medan skjørbuksurt er to- eller fleirårig og har sitjande stengelblad. Hos dansk skjørbuksurt har grunnblada trekanta plate og visnar tidleg, medan dei har rund plate og sit på lenge hos skjørbuksurt. Engelsk skjørbuksurt Cochlearia anglica er større i alle delar enn skjørbuksurt, med noko lengre kronblad (5–10 mm mot 3,5–7 mm), noko større skulpe (8–15 mm mot opptil 10 mm), og skulpa hos engelsk skjørbuksurt er elliptisk og noko samantrykt langsmed saumen der fruktblada sit saman, medan ho ikkje er slik samantrykt hos skjørbuksurt. Bladplata hos engelsk skjørbuksurt er òg oftast kileforma mot skaftet, medan ho er tverr eller hjarteforma hos skjørbuksurt. Polarskjørbuksurt Cochlearia groenlandica skil seg frå skjørbuksurt i mindre kronblad (2–4 mm), ei oftast elliptisk skulpe, og blomane er utan honninglukt. Ei forveksling mellom desse to artane er elles ikkje mogeleg, i og med at polarskjørbuksurt veks på Svalbard og Jan Mayen, der skjørbuksurt ikkje er funnen.
Kjelder
Chater AO, Heywood VH, Wyse Jackson PS og Akeroyd JR (1993). Cochlearia L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 378–380.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Nordal I, Eriksen AB, Laane MM og Solberg Y (1986). Biogeographic and biosystematic studies in the genus Cochlearia in Northern Scandinavia. Symbolae Botanicae Upsaliensis 27,2: 83–93.
Nordal I og Laane MM (1990). Cytology and reproduction in Arctic Cochlearia. Sommerfeltia 11: 147–158.
Nordal I og Laane MM (1996). Taxonomic delimitation within Cochlearia officinalis s. lat. with particular discussion on the rank of C. anglica (Brassicaceae). Symbolae Botanicae Upsaliensis 31,3: 47–57.
Nordal I og Stabbetorp OE (1990). Morphology and taxonomy of the genus Cochlearia (Brassicaceae) in Northern Scandinavia. Nordic Journal of Botany 10: 249–263.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Skjørbuksurt Cochlearia officinalis L. www.artsdatabanken.no/Pages/345556. Lasta ned <dag.månad.år>.