Om ein kjem til Svalbard, ser ein skjørbuksurt overalt. Det er den heimlege arten polarskjørbuksurt som i Arktis ikkje er nokon utprega havstrandplante, men som veks i tundra til høgt til fjells, til og med på nunatakar (fjell som stikk opp inne på breane). Han er òg vanleg på Jan Mayen.

Kjenneteikn

Polarskjørbuksurt er ein toårig eller kortlevd fleirårig plante, men han blømer oftast berre éin gong og døyr etter bløminga. Han er oftast nedliggjande og låg, men i fuglefjella kan han bli opptil 30 cm. Rosettblada er skafta og har ei nyreforma eller eggforma plate utan tenner. Stenglane er anten utan blad eller dei har avlange til spatelforma blad der bladgrunnen ikkje går kring stengelen. Blomestanden er ein kort klase som oftast ikkje strekkjer seg mykje i fruktstadiet, men som kan bli lang i fuglefjella. Kronblada er oftast berre 2–4 mm lange, og dei er kvite eller ofte gulkvite. Blomane er utan honninglukt. Frukta er ei elliptisk kortskulpe, 3,5–5 mm lang og oftast om lag jamlang med skaftet. Ho har ein kort griffel, 0,2–0,5 mm lang.

Arten er ekstremt formrik, mykje på grunn av kor ulike dei habitata han veks i, er. Den greiaste måten å kjenne han att på, er at han veks på Svalbard (og Jan Mayen), der det ikkje er andre Cochlearia, iallfall så langt vi veit.

Kromosomtal

Polarskjørbuksurt er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er utførte på norsk materiale.

Al-Shehbaz og Koch (2010) diskuterer om plantane med grunntalet x = 7, som polarskjørbuksurt, skjørbuksurten på Island og nokre andre europeiske artar, utgjer ei separat evolusjonslinje frå plantane med grunntalet x = 6, der dei andre norske artane høyrer heime. Dette var òg grunnlaget for at Löve og Löve (1976) beskreiv ei ny slekt, Cochleariopsis, for artane med grunntalet x = 7. Det er truleg lite grunnlag for å introdusere denne nye slekta.

Økologi og utbreiing

Polarskjørbuksurt er heimleg og veks på open jord i tundra, i polygonmark og tidlege snøleie, og på eng i fuglefjell der han kan vere den heilt dominerande arten inst ved fjellet, der gjødslinga er sterkast. Utbreiinga strekkjer seg frå sørarktisk til nordarktisk sone og litt inn i polarørkensona. Arten er svært vanleg på Jan Mayen og Svalbard, her inkludert Bjørnøya og om lag alle øyar der det har vore botanikarar (med unnatak for Kvitøya).

Den globale utbreiinga er sirkumpolar i dei arktiske sonene, i Europa, Asia, Nord-Amerika og Grønland, med nokre merkelege førekomstar langsmed vestkysten av Nord-Amerika heilt sør til California (Al-Shehbaz og Koch 2010).

Kommentarar

Klassifiseringa av den arktiske skjørbuksurten har vore problematisk, og ei rekkje namn var i bruk fram til Elven og Nordal i Jonsell og Jarvis (2002) typifiserte namnet Cochlearia groenlandica på eit Linné-eksemplar og valde ein ny epitype (eit moderne, velutvikla herbarie-eksemplar) for å sikre bruken av namnet for denne vidt utbreidde arktiske planten. Mykje brukte namn frå tidlegare er Cochlearia fenestrata R.Br., bygd på materiale frå arktisk Canada, og Cochlearia polaris Pobed., bygd på materiale frå Franz Joseph Land. Desse namna blir no rekna som synonym for Cochlearia groenlandica. Noko anna er at mange tidlegare botanikarar har brukt namn knytt til skjørbuksurt Cochlearia officinalis, engelsk skjørbuksurt Cochlearia anglica og til og med dansk skjørbuksurt Cochlearia danica, for arktiske plantar (sjå Rønning 1963, 1979).

Eit spørsmål står att: utgjer dei arktiske plantane éin eller to artar? Namnet Cochlearia arctica Schltdl. ex DC. er bygd på plantar frå arktisk Sibir, og plantane frå austlege Nord-Russland gjennom Sibir og Russisk fjerne austen til Alaska, ser noko annleis ut enn Cochlearia groenlandica. Cochlearia arctica er diploid med grunntalet x = 7, og han høyrer nok nærast saman med Cochlearia groenlandica. Plants of the World Online (POWO) synonymiserer namnet Cochlearia arctica med Cochlearia groenlandica, men vi trur ikkje at dette er riktig løysing (sjå diskusjonen hos Elven mfl. 2011).

Forvekslingar

Polarskjørbuksurt har gjennom tidene vorte forveksla med alle dei andre norske Cochlearia-artane, men oftast med skjørbuksurt Cochlearia officinalis. Ei forveksling mellom desse to artane er elles ikkje mogeleg, i og med at polarskjørbuksurt veks på Svalbard, Bjørnøya og Jan Mayen, der andre artar av slekta skjørbuksurt ikkje er funne. Polarskjørbuksurt skil seg frå skjørbuksurt i mindre kronblad (2–4 mm), ei tydeleg elliptisk skulpe, og i at blomane er utan honninglukt.

Kjelder

Al-Shehbaz IA og Koch M (2010). Cochlearia Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 514–516.

Chater AO, Heywood VH, Wyse Jackson PS og Akeroyd JR (1993). Cochlearia L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 378–380.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/

Jonsell B og Jarvis CE (2002). Lectotypification of Linnaean names for Flora Nordica (Brassicaceae – Apiaceae). Nordic Journal of Botany 22: 67–86.

Löve Á og Löve D (1976). Nomenclatural notes on arctic plants. Botaniska Notiser 128: 497–523.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rønning OI (1963). Svalbards flora. Norsk Polarinstitutt, Oslo. 125 s.

Rønning OI (1979). Svalbards flora. 2. utg. Norsk Polarinstitutt, Oslo. 128 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Polarskjørbuksurt Cochlearia groenlandica L. www.artsdatabanken.no/Pages/345555. Lasta ned <dag.månad.år>.