Juleroseslekta
Helleborus
Juleroseslekta finst ikkje som heimleg i Noreg, men fleire artar vert dyrka som prydplantar. Tre av desse er førebels so vidt funne som forvilla: klokkejulerose Helleborus foetidus, orientjulerose Helleborus orientalis og truleg òg julerose Helleborus niger. I tillegg er eitt funn berre bestemt til slekta. Alle artane i slekta er svært giftige. Dei blømer på vinteren eller tidleg på våren.
På verdsbasis tel juleroseslekta Helleborus 15–20 artar. Dei er heimlege i Europa nord til Tyskland og England, sør til Nord-Afrika i Marokko og aust til Kaukasus, med hovudtyngd på Balkan. Dessutan er det éin endemisk art i Kina. Alle Helleborus-artane er svært giftige; dei inneheld stoffet helleborin som verkar direkte på hjartemuskelen og kan gje krampar og rask daude.
Juleroseslekta Helleborus er ei naturleg – sokalla monofyletisk – gruppe (Sun mfl. 2001) og tilhøyrer ei gruppe slekter (underfamilie Ranunculoideae) i soleiefamilien med mellom anna ballblomslekta Trollius og soleihovslekta Caltha. Ei tidlegare inndeling av slekta i to grupper bygd på nærvær eller fråvær av grunnblad, syner seg å ikkje halde mål (Sun mfl. 2001, Long mfl. 2023), men dei seks beskrivne seksjonane er monofyletiske, og fire av dei har ikkje noko val; dei inneheld berre éin art kvar.
Kjenneteikn
Helleborus-artane er fleirårige, stundom kortlevde, relativt lågvaksne urter. Blada er vintergrøne eller berre sommargrøne, handdelte med 5–12 flikar eller meir sjeldan tre-kopla, og er ofte lêrfaste. Blomane sit i opne, halvskjerm-forma toppar eller kvastar og er store og radiærsymmetriske. Dei fem begerblada er store og petaloide (kronbladliknande). Kronblada er 8–12 i talet og er utforma som nokså store, røyrforma eller trektforma nektarium. Dei (2)–3–10 fruktblada vert til skolmkapslar med fleire frø, og skolmkapslane kan vere innbyrdes heilt frie eller meir eller mindre samanvaksne nedst.
Blomane er sokalla protogyne, det vil seie at dei holege organa mognar først. Frøa vert spreidde med maur; éin av artane som er funnen i Noreg, Helleborus foetidus, har frø med kvite elaiosom.
Økologi og utbreiing
Fleire av artane vert dyrka som prydplantar, og fire artar er nemnde i Flora Nordica (sjå Jonsell 2001), og då hovudsakleg som forvilla i Danmark. I Sverige er éin av dei fire artane bufast, nemleg klokkejulerose Helleborus foetidus (sjå SLU Artdatabanken 2024), medan dei andre tre er rekna som tilfeldige. Vi vel å gje artsomtalar her for alle fire og inkluderer dei òg i bestemmingsnøkkelen, sjølv om det førebels berre er tre artar som er funne forvilla og ikkje etablerte. Det er tenkjeleg at dette er ei slekt der fleire artar kan vere på tur til å forville seg. Det er òg eit funn (herbariebelegg) frå Asker (Akershus) i 2015 som ikkje let seg bestemme lenger enn til slekt.
Kommentarar
Det finst òg ei rekkje kultivarar og hagehybridar i slekta; sjå til dømes Cullen mfl. (2011) og Bjørkans Planteliste. Særleg vanlege er hybridar som involverer orientjulerose Helleborus orientalis, og desse vert stundom handsama under samlenamnet Helleborus ×hybridus Voss (sjå McLewin og Mathew 1996, Cullen mfl. 2011 og Stace 2019). Slike kultivarar og hagehybridar gjer ofte artsbestemminga særleg krevjande, i somme tilfelle om lag umogleg; sjå til dømes McLewin (1999, 2019). Naturleg hybridisering med same kompliserande resultat er òg vanleg, der fleire nærskylde artar (som i seksjon Helleborastrum; Sun mfl. 2001, McLewin 2019) har overlappande utbreiing, sjå til dømes Rottensteiner (2016).
McLewin (2019) meiner at den tradisjonelle artsinndelinga i seksjon Helleborastrum ikkje held mål på grunn av svært aktiv evolusjon, særleg ikkje på Balkan, og freistar difor å introdusere ein ny måte å handsame variasjonen på, nemleg ved å presisere ulike typar artar: taksonomiske artar, proveniens-artar og biologiske artar. Dette blir i røynda (eller i alle fall langt på veg) berre å erstatte eit problem med eit anna. Han har rett i at omgrepet art generelt er dårleg definert, at det vidare er problem knytt til alle artsomgrep, og at den kontinuerlige morfologiske variasjonen i denne Helleborus-seksjonen ikkje lett let seg dele på avgrensa artar. Det er likevel ikkje unikt for seksjon Helleborastrum at dei tvangsprega kategoriane vi har laga, ikkje alltid fungerer optimalt; dette er noko ein truleg berre må leve med, jamfør O’Hara (1994, s. 13): «… the species problem is not something we need to solve, but rather something that we need to get over.»
Kjelder
Bjørkans Planteliste. https://planter.bjorkan.no/plante/?sle=Helleborus&art=%C3%97+hybrid
Cullen J, Knees SG og Cubey HS (2011). The European Garden Flora, vol 2: Casuarinaceae to Cruciferae. Cambridge University Press, Cambridge.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Ford BA (1997). Helleborus Linnaeaus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 176–177.
Jonsell B (2001). Helleborus L. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 331–333.
Liangqian L og Tamura M (2001). Helleborus Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 148
Long L, Yamada K og Ochiai M (2023). A comprehensive review of the morphological and molecular taxonomy of the genus Helleborus (Ranunculacaeae). Reviews in Agricultural Science 11: 106–120.
Mathew B (1989). Hellebores. Alpine Garden Society, Woking.
McLewin W og Mathew B (1996). Hellbores: 6 Helleborus orientalis and Helleborus ×hybridus. The New Plantsman 5: 117–124.
McLewin W (1999). Fundamental taxonomic problems in and arising from the genus Helleborus. I: Andrews S, Leslie A og Alexander C (red.), Taxonomy of cultivated plants, Third international Symposium, Proceedings of the meeting held in Edinburgh, Scotland 20–26 July 1998. Royal Botanic Gardens, Kew.
McLewin W (2019). Helleborus and the Helleborastrum problem. Wellesley-Cambridge Press, Wellesley.
O’Hara RJ (1994). Evolutionary history and the species problem. American Journal of Zoology 34: 12–22.
Rottensteiner WK (2016). Attempt of a morphological differentiation of Helleborus species in the northwestern Balkans. Modern Phytomorphology 9 (Suppl.): 17–33.
SLU Artdatabanken (2024). Artfakta: julrosor (Helleborus). https://artfakta.se/taxa/1006260 Lasta ned 02.12.2024.
Sun H, McLewin W og Fay MF (2001). Molecular phylogeny of Helleborus (Ranunculaceae), with an emphasis on the East Asian-Mediterranean disjunction. Taxon 50: 1001–1018.
Tutin TG (1993). Helleborus L. I: Tutin TG mfl., Flora Europaea Vol. 1: Psilotaceae to Platanaceae, ed. 2: 249–251.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Juleroseslekta Helleborus L. www.artsdatabanken.no/Pages/324738. Lasta ned <dag.månad.år>.