Kubjølleslekta
Pulsatilla
Kubjølleslekta står nære symreslekta og vert stundom handsama innanfor ho. Artane, i alle fall dei norske, er likevel lette å skilje frå symrene på dei lange, fjørforma griflane som vert sitjande att på smånøttene og fremjar vindspreiing. Mogop og kubjølle er dei to heimlege artane i slekta i Noreg. I tillegg vert stor kubjølle stundom funnen som forvilla frå dyrking.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Kubjølleslekta Pulsatilla omfattar på verdsbasis litt over 30 artar som er utbreidde i Europa, Asia og Nord-Amerika. Sjølv om slekta er lett å skilje frå Anemone på dei lange, fjørforma griflane som vert sitjande att på smånøttene, har molekylære og fylogenetiske undersøkingar vist at denne karakteren ikkje eignar seg til å avgrense Pulsatilla som ei monofyletisk gruppe. Det har vist seg at Pulsatilla er omslutta av Anemone (i vid forstand) og kan difor òg handsamast innanfor ei vidt avgrensa Anemone-slekt.
Artane er fleirårige urter. Blad og stenglar er lodne. Dei tre kransstilte stengelblada er delte i trådforma flikar og sit heilt oppunder blomen. Blomane er skål- eller klokkeforma. Kronblad manglar, men begerblada er kronbladliknande, sokalla petaloide. Dei sit i éin krans, oftast seks i talet, og er silkehåra på utsida. Blomen har svært små og lite synlege, nektarproduserande staminodium. I fruktstadiet strekkjer stengelen seg godt over stengelblada. Griflane er lange og dunhåra og blir sitjande att på smånøttene. Dei bidreg til vindspreiing av fruktene.
I Noreg har vi tre artar i denne slekta: to heimlege (mogop og kubjølle) og ein framand og forvilla prydplante (stor kubjølle).
Kjelder
Dutton BE, Keener CS og Ford BA (1997). Anemone Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 139–158.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Lindell T (2001). Pulsatilla Mill. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 305–310.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266s.
Wencai W og Bartholomew B (2001). Pulsatilla Miller. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 329–333.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Kubjølleslekta Pulsatilla Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/315280. Lasta ned <dag/månad/år>.