Kanadasymreslekta
Anemonidium
Dei få artane i kanadasymreslekta vert handsama på litt ulikt vis av systematikarane, stundom i ei særskild slekt som her, eller i ei vid Anemone-slekt. Hos oss finn vi den framande arten kanadasymre som stundom vert forvilla frå dyrking.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Kanadasymreslekta Anemonidium er ei lita gruppe, kanskje berre med to artar: A. dichotomum (L.) Holub som er utbreidd frå lengst aust i europeisk Russland til Stillehavet, og A. canadense i Nord-Amerika. I Noreg er kanadasymre A. canadense funnen som forvilla. Stundom har arten (og slekta elles) vore rekna som ei Anemone, A. canadensis, men er no ofte skild ut i ei særskild slekt, m.a. på grunn av eit anna grunnkromosomtal (x = 7 i Anemonidium og x = 8 i Anemone), i tillegg til snaue og sterkt samanpressa smånøtter med rett nebb og brei vengjekant. Dersom ein vel ei vidt avgrensa Anemone-slekt, går Anemonidium inn i ho. ‘Plants of the World Online’ POWO (2022) tek slekta Anemonidium inn i slekta Anemonastrum Holub.
Kjelder
Dutton BE, Keener CS og Ford BA (1997). Anemone Linnaeus. In: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 139–158.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Jiang N, Zhou Z, Yang J-B, Zhang S-D, Guan K-Y, Tan Y-H m.fl. (2017). Phylogenetic reassessment of tribe Anemoneae (Ranunculaceae): Non-monophyly of Anemone s.l. revealed by plastid datasets. PLoS ONE 12(3): e0174792. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0174792
Plants of the World Online (POWO) (2022). Anemone L. https://powo.science.kew.org/results?q=Anemone Lasta ned 25/5/2022.
Tutin TG og Chater AO (1993). Anemone L. I: Tutin TG mfl., Flora europaea, vol. 1. Psilotaceae to Platanaceae, 2. Utg.: 262–264.
Uotila P (2001). Anemonidium (Spach) Holub. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 310.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Kanadasymreslekta Anemonidium (Spach) Holub. www.artsdatabanken.no/Pages/315275. Lasta ned <dag/månad/år>.