Gjetartaskeslekta er ei lita slekt med seks artar, og berre éin er funnen i Noreg: gjetartaske, truleg framand, og komen inn tidleg til landet.

Gjetartaske-artane er eitt- til toårige urter, snaue eller med ugreina og greina hår. Grunnblada sit i ein rosett og er frå heile til djupt fjørdelte. Stengelblada har stengelomfattande bladgrunn. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er kvite eller rosa, nokså små, og dei kan stundom mangle. Det mest særprega er frukta som er ei flat, omvendt trekanta kortskulpe med skiljeveggen på tvers og ein svært kort griffel. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom.

Fire av dei seks artane finst i Eurasia og Nord-Afrika. Dei to siste er beskrivne som svært lokale artar på heilt andre stader: Capsella mexicana Hemsl. i eit lite område sentralt i Mexico, og Capsella tasmanica (Hook.) F.Muell. på Tasmania.

Mange forfattarar, til dømes Rollins (1993) og Appel og Al-Shehbaz (2003), har rekna slekta som monotypisk, det vil seie med berre éin art (gjetartaske) som heimehøyrande berre i Eurasia og Nord-Afrika. Desse forfattarane tolkar då førekomstane av dei geografisk isolerte plantane i Mexico og Tasmania som døme på innavla liner i innført gjetartaske.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Capsella Medikus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 453–454.

Appel O og Al-Shehbaz IA (2003). Cruciferae. I K Kubitzki mfl. (red.), The Families and Genera of Vascular Plants 5: 75–174.

Chater AO (1993). Capsella Medicus. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 381–382.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Rollins RC (1993). The Cruciferae of Continental North America: Systematic of the Mustard Family from the Arctic to Panama. Stanford University Press, Stanford. 976 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Gjetartaskeslekta Capsella Medik. www.artsdatabanken.no/Pages/313776. Lasta ned <dag.månad.år>.