I motsetnad til myggblomslekta Hammarbya er knottblomslekta Malaxis ei stor slekt med meir enn 150 aksepterte artar, og med svært vid økologi der artane kan vekse på jord, på berg eller som epifyttar oppe i tre. I Noreg har slekta berre éin art: knottblom Malaxis monophyllos.

Kjenneteikn

Artane kan ha horisontal jordstengel, knollar eller oppsvolle røter. Blomane er oftast små og med bleike, rosa eller bleikt purpur fargar. Dei kan ha leppe som vender oppover (hos oss, og då er blomeskaft eller fruktknute vridd 360°), eller leppa vender nedover (særleg hos tropiske artar, og då er blomeskaft eller fruktknute vridd 180°). Pollenet er samla i fire pollinium som sit i to par.

Økologi og utbreiing

Økologien er så mangfaldig at det ikkje er noko felles å seie for slekta. Slekta er utbreidd i nordleg tempererte, subtropiske og tropiske område i Amerika, Europa, Asia og Afrika, men ho manglar i Australia og i tørre område elles. I dag er ho akseptert med 162 artar (“Plants of the World Online”).

Forvekslingar

Sjå arten.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 13/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Knottblomslekta Malaxis Sol. ex Sw. www.artsdatabanken.no/Pages/312247. Lasta ned <dag.månad.år>.