Fjelldouglasgran var. glauca er innlandsrasen av douglasgran i vestlege Nord-Amerika. Han er dyrka i Noreg og funnen forvilla i alle fall éin stad.

Kjenneteikn

Nålverket er mørkgrønt til blågrønt eller grågrønt. Konglene er 4–7 cm lange med treflika og utbøygde eller stundom tilbakebøygde dekkskjel som stikk langt utom kongleskjelal.

Kromosomtal

Fjelldouglasgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Fjelldouglasgran er truleg noko dyrka i Noreg og er funnen forvilla i alle fall i Trondheim i Sør-Trøndelag. Elles veit vi lite førebels om denne rasen i Noreg.

Fjelldouglasgran er utbreidd i Rocky Mountains frå indre delar av British Columbia sørover gjennom USA til over grensa til Mexico.

Forvekslingar

Fjelldouglasgran skil seg frå kystdouglasgran var. menziesii i fargen på nålverket (mørkgrøn til grå- eller blågrøn meir enn gulgrøn), i noko mindre kongler, og i at dekkskjela i konglene er utbøygde til tilbakebøygde.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Lipscomb B (1993). Pseudotsuga Carrière. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 365–366.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Fjelldouglasgran Pseudotsuga menziesii var. glauca (Beissn.) Franco. www.artsdatabanken.no/Pages/305060. Lasta ned <dag.månad.år>.