Hageriddarspore
Delphinium elatum
Hageriddarspore er ein høgvaksen, innført hageplante. Han er oftast attståande i hagar og på hageavfall, men er stundom òg frøforvilla. Arten er funnen spreidde stader over det meste av landet.
Kjenneteikn
Hageriddarspore er ei 0,5–1,5 m høg, fleirårig urt med høg og rak stengel som er håra nedst og stundom òg øvst. Blada er store og handdelte langt inn, men ikkje heilt til grunnen. Blomane sit i ein lang klase og er store, monosymmetriske og lysblå, rosa, fiolette eller kvite, med fem petaloide (kronbladliknande) begerblad, der det øvre har ein lang spore. Blomen har òg fire korte kronblad som er mørke i fargen, og dei to øvre er ikkje samanvaksne og stikk inn i sporen som to nektarium. Arten har oftast tre, stundom fem, fruktblad som vert til skolmkapslar.
Kromosomtal
Arten er rapportert som tri-, tetraploid eller heksapoloid med grunntal x = 8. 2n = 24, 32, 48 (sjå kommentar nedanfor). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Hageriddarspore er innført som prydplante og står att frå hagar og på hageavfall og er stundom frøforvilla i boreonemoral til nordboreal, dels òg i nemoral sone. Arten er forvilla frå 1862 og er bufast og i auke. Han veks spreidde stader på Austlandet nord til Røros (Sør-Trøndelag), Folldal (Hedmark) og Lom (Oppland) og i kyst- og dalstrøk nord til Steinkjer (Nord-Trøndelag). Han er òg funnen fleire stader i Nordland og mange stader i Troms og Finnmark. Arten er heimleg i Mellom- og Aust-Europa, Sibir, Sentral-Asia og Mongolia.
Kommentarar
Karlsson (2001) konkluderte med at storparten eller alt materiale av storvaksne, fleirårige riddarsporar i Norden kunne førast til D. elatum. Det dyrka og forvilla materialet av hageriddarspore er særs mangfaldig, med ei rekkje kultivarar med ulike blomefargar, blomeformar (og misdanningar). Mange av hageplantane og dei som berre er attståande ute i naturen, har dårleg eller inga frøformeiring. Nokre former har derimot god frøformeiring, og desse spreier seg effektivt lokalt. Variasjonen i kromosomtal kan ha noko å seie for fertiliteten; Karlsson rekna berre tetraploide plantar (2n = 32) til D. elatum.
Hageriddarspore i vid meining, det vil seie ikkje berre D. elatum subsp. elatum, inkluderer òg D. austriacum (Pawl.) Starm. som har vore oppfatta både som ein særskild art eller som ein underart av D. elatum. Delphinium austriacum er heimleg i Austerrike og berre rapportert frå Odda (Hordaland) i 1951, anten spreidd frå dyrking eller komen inn med malm ved smelteverket. Karlsson (2001) studerte materialet frå Odda og fann at det ikkje samsvara med D. austriacum slik arten er typifisert.
Forvekslingar
Kjelder
Aeschimann D, Lauber K, Moser DM og Theurillat J-P (2004). Flora alpina. Band 1: Lycopodiaceae-Apiaceae. Haupt Verlag, Bern.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Karlsson T (2001). Delphinium L. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 324–326.
Pawlowski B (1993). Delphinium I: Tutin TG mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Lycopodiaceae to Plantanaceae, 2. utg.: 257–260.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Hageriddarspore Delphinium elatum L. www.artsdatabanken.no/Pages/286523. Lasta ned <dag/månad/år>.