Japanseder
Cryptomeria japonica
Japanseder Cryptomeria japonica er eit staseleg tre utbreidd som heimleg i Japan og delar av Kina, men er óg dyrka som skogstre i mange subtropiske og tempererte område. Arten forvillar seg litt i Noreg.
Kjenneteikn
Japanseder er eit stort tre, opptil 40 m høgt, og som kan bli fleire tusen år gammalt i heimlanda. Stammen har raudbrun til mørkbrun bork som med tida flaknar sterkt av. Greinene er lange og lite greina, og dei sit i uregelrette kransar på stammen. Nålene er 5–15 mm lange, skruestilte, retta framover og sylforma. Dei er firkanta i tverrsnitt, med kjøl som er nedløpande på kvisten, og friskt til mørkt grøne. Konglene er endestilte på kvistane. Dei er om lag kulerunde, 1–2 cm breie og med talrike, skruestilte, samanvaksne dekkskjel og kongleskjel, som kvart har 5–6 bøygde tornar. Den frie delen av dekkskjela har tilbakebøygd topp. På kvart kongleskjel sit 2–6 frø. Frøa har smal vengje. Japanseder spreier pollenet om våren eller forsommaren og er vindpollinert. Frøa er hovudsakleg vindspreidde.
Kromosomtal
Japanseder er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtalet 2n = 22.
Økologi og utbreiing
Japanseder er innført som prydtre, men vert planta i nokså lite omfang. Arten har truleg vore planta i Noreg sidan byrjinga av 1900-tallet, men vart først rapportert som forvilla i 2015. Japanseder er bufast i Bærum i Akershus, her allereie med minst to generasjonar forvilla plantar. Han er òg funnen forvilla i Hå i Rogaland og kanskje i Bergen i Hordaland. Han er funnen i nemoral og boreonemoral sone.
Japanseder kjem frå Japan og kanskje sørlege Kina (men her kan arten ha blitt innført tidleg frå Japan og sidan spreidd seg). I sine heimtrakter veks han i varmtempererte til subtropiske strøk, på djup, godt drenert jord under varme og fuktige forhold til 2500 moh.
Kommentarar
Japanseder kjem frå klimatisk varmare område enn vi har i Noreg. Noreg er difor klimatisk på grensa for kor han kan reprodusere, men han er hardfør i det sørlegaste Noreg og er funnen frøforvilla nokre få stader. I andre, meir klimatisk gunstige land, spreier arten seg aggressivt, og han er, mellom anna, det treet som har øydelagt mest av den opphavlege naturen på Azorane. Her har arten øydelagt naturmangfoldet i store område, men er svært viktig for den lokale økonomien. I heimlanda er arten meir verdsatt, og japanseder har truleg vore dyrka i Kina i 1000 år. Japanseder er rekna som ein nasjonal heilagdom i Japan og er ofte planta ved tempel og andre kultstader.
Japanseder er den einaste nolevande arten i slekta Cryptomeria og står systematisk langt frå den ekte sederslekta Cedrus. Han er eit levande fossil.
Forvekslingar
Japanseder kan ikkje bli forveksla med noko anna tre. Dei firkanta og nedløpande nålene og dei store hokonglene er karakteristiske, og det er òg vekstforma.
Kjelder
Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023
Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/cu/Cryptomeria.php Lasta ned 16/11/2023.
Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Franco, J do Amaral (1993). Cryptomeria D. Don. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 39–40.
Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.
Siter nettsida som:
Solstad H og Elven R. Japanseder Cryptomeria japonica (Thunb. ex L. f.) D.Don. www.artsdatabanken.no/Pages/285872. Lasta ned <dag.månad.år>.