Rettar til data i Artar på nett
Artsdatabanken bruker opne lisensar ved avtalar om dataleveransar, noko som sikrar rettane til både brukaren og leverandøren av materialet.
- Innhold
- Les meir om opne lisensar
Artsdatabanken jobbar under prinsippet om at data som er framkomne gjennom tilskot frå offentlege midlar skal vere fritt tilgjengelege for offentlegheita gjennom opne lisensar. Dette gjeld også foto og film. Lisens og referanse til fotograf, forfattar og eventuell institusjon skal alltid bli oppgitt ved all vidare bruk. Å unnlate dette er brot på åndsverkslova.
Eit anna grunnleggjande prinsipp er at dataprodusentane sjølv er eigarar av dataa sine og forvaltar dataa i Artsdatabanken si løysing, og at dataeigar blir gjort godt synleg og gitt kreditering.
Artsdatabanken si rolle er å stille den tekniske infrastrukturen til rådvelde for dataeigarar. Dette omfattar både dataproduksjons- og datalagringsystem (datahotell), formidling, i hovudsak via Artsdatabanken si nettside, og distribusjon av data tilbake til dataeigarar eller andre aktørar.