Trugar ulven artsmangfaldet?
Av dei 2355 truga artane i Noreg, er 685 negativt påverka av at beite og slått er forsvunne eller redusert. Ein bør likevel vere svært varsam med å konkludere med at ulven er årsaka til at desse artane er truga.
Artsdatabanken tek ikkje stilling til spørsmål om forvalting av ulv, men ønskjer å bidra til å forklare forhold knytte til eit produkt vi har ansvar for, nemleg Norsk raudliste for artar.
Norsk raudliste for artar 2015 viser at 685 truga artar er negativt påverka av opphøyr av slått og beite. Dette er ei utvikling som i hovudsak går føre seg i kulturmark. Kulturmark er naturtypar som er prega av langvarig bruk som beite eller slått. Unike artssamfunn utvikla over lang tid kan raskt forandrast dersom bruken blir endra. Kulturmark er eit omgrep som omfattar både beitemark og slåttemark. Berre ein svært liten del av det totale utmarksarealet som blir beita er kulturmark.
Reduksjonen i kulturmark har gått føre seg lenge
Areala av kulturmark har blitt kraftig redusert. Dette er ei utvikling som har gått føre seg over lang tid. Denne utviklinga har både ført til at naturtypane innanfor kulturmarka står på Raudlista for naturtypar og at svært mange artar med levestad i kulturmark har gått kraftig tilbake og står på Raudlista for artar. Det er ein risiko for at mange av artane som er sterkast knytte til kulturmark kan bli ytterlegare reduserte eller i ytste konsekvens forsvinne dersom utviklinga fortset.
Den negative utviklinga for artar knytt til kulturmark starta lenge før ulven reetablerte seg med ynglande bestandar i Noreg. Denne utviklinga kan såleis i liten grad forklarast med ein nedgang i mengda sau på utmarksbeite forårsaka av ulv.
Frå storfe til sau
Det er godt dokumentert at endra beitetrykk kan føre til endringar i artssamansetninga og at beite bidrar til å halde utmarka lysopen og fri for tre. Husdyrbeite i utmark blir i dag dominert av sau, mens det fram til 1960-talet var storfe som dominerte. Ofte er ikkje intensiteten av beite frå sau tilstrekkeleg til at kulturmark blir utvikla eller oppretthalde. Ein finn derfor i liten grad typiske kulturmarksartar i utmark der beiteintensiteten er låg. Ulven sitt nærvær kan derfor i svært liten grad forklare kvifor ei stor mengd artar har gått kraftig tilbake på grunn av opphøyr av beite eller slått, slik at dei er truga.
Kilde: Henriksen S. og Hilmo O. (2015) Påvirkningsfaktorer. Norsk rødliste for arter 2015. Artsdatabanken <https://www.artsdatabanken.no/Rodlista2015/Tema/Pavirkningsfaktorer> Nedlasta 21.04.16