Taggkål er ein framand art som opphaveleg kjem frå Middelhavsområdet. Han er funnen berre éin gong i Noreg, på ei fylling ved Botanisk hage i Oslo i 1947. Tidlegare rapport av arten frå Odda i Hordaland er bygd på materiale ombestemd til russekål Bunias orientalis.

Kjenneteikn

Taggkål er ei eitt- eller toårig urt som er mykje grannare enn sin slektning russekål, og ho vert oftast opptil 60 cm høg. Planten er strihåra, òg med kjertlar, og er ugreina eller greina. Grunnblada er djupt fjørdelte med avrunda flikar, sjeldan heile; stengelblada er heile eller tanna. Begerblada er halvveges opprette, og dei indre er lite eller ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er gule og (6–)8–13 mm lange, oftast noko utranda og meir enn to gonger så lange som breie. Frukta sit på sprikjande og lange (1,5–3 cm) skulpeskaft og er ei 10–12 mm lang og uregelrett firkanta kortskulpe med tanna eller flika vengjer på kantane. Skulpa har fire rom med eitt frø i kvart rom. Ho har ein tydeleg griffel som er 3–5 mm lang. Skulpa er ei nøttskulpe som ikkje opnar seg.

Kromosomtal

Taggkål er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje er utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Taggkål er ein framand art som berre er kjent frå éin stad i Noreg, ved Botanisk hage i Oslo, der han truleg er komen ut frå dyrking i hagen. Ein rapport frå Odda i Hordaland i 1936 (sjå Elven i Lid og Lid 2005) er bygd på materiale som seinare er ombestemt til russekål Bunias orientalis.

Den heimlege utbreiinga av arten er i Sør-Europa og Tunisia.

Forvekslingar

Taggkål har ingen opplagde forvekslingsartar. Skulpa er unik for denne arten.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Bunias Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 444–445.

Ball PW (1993). Bunias L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 325.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Lid J & Lid DT (2005). Norsk flora. 7. utgåva, red. Elven R. Det Norske Samlaget, Oslo.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Taggkål Bunias erucago L. www.artsdatabanken.no/Pages/371837. Lasta ned <dag.månad.år>.