Pengeurt er eit vanleg ugras i åkrar og på anna kulturmark i Noreg, og han har vore her lenge, kanskje heilt sidan bronsealderen. Han er likevel framand, det vil seie komen inn med eller som ein følgje av menneskeleg aktivitet, sjølv om han har vore her i tusenvis av år.

Pengeurt er ein framand art som kan ha vore i landet heilt sidan bronsealderen.

Kjenneteikn

Pengeurt er ei eittårig og opprett, snau urt opptil 50 cm. Stengelen er oftast ugreina. Blada er gulgrøne og bukttanna med spisse bladøyre som går noko kring stengelen. Dei nedre blada visnar tidleg og fell av. Blomane sit i ein klase som strekkjer seg mykje under fruktmogninga. Kronblada er kvite og nokså små, 2,5–4,5 mm, og butte eller litt utranda i toppen. Frukta er ei om lag sirkelrund, flat kortskulpe, 10–15 mm brei, med ein brei vengjekant med eit djupt og trongt innhakk i spissen, og med ein svært kort griffel (0,1–0,3 mm). Skiljeveggen sit på tvers. Skulpa har 3–8 frø i kvart rom.

Pengeurt er ei snau og opprett urt, oftast med ugreina stengel. Blada er gulgrøne og bukttanna.

Blomane sit i ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er kvite og nokså små.

Frukta er ei rund og flat kortskulpe med ein brei vengjekant og eit djupt og kort innhakk i spissen. Skiljeveggen sit på tvers.

Kromosomtal

Pengeurt er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Pengeurt er framand og komen inn med tidleg jordbruk, kanskje allereie i bronsealderen. Han er vanleg i nemoral til mellomboreal sone (og meir tilfeldig i nordboreal sone og lågalpint belte) i åkrar og nysådd eng og på vegkantar og mange typar skrotemark i om lag heile landet nord til Troms. I Finnmark er han meir sjeldsynt. Det er òg fleire funn i busetnadar ved Isfjorden og Kongsfjorden på Spitsbergen. Stundom er han naturalisert på sandstrand og i sanddyner nord til Nordland. Han er sjeldsynt i fjellstrøk, men er funnen opp til 1220 moh. på Finse i Ulvik (Hordaland).

Pengeurt kjem truleg frå Sentral- og Vest-Asia og har følgt med jordbruket herifrå til alle delar av verda. Han er funnen som makrofossil i Danmark i avsetningar frå før-romersk jernalder (500–200 år før vår tidsrekning, sjå Hartvig 2015) og kan godt ha vore både der og i søraustlege delar av Noreg frå bronsealderen.

Pengeurt er vanleg over mesteparten av landet nord til Troms. Han veks i åkrar og nysådd eng, eller som her, på Blussuvoll i Trondheim, på skrotemark av ymse slag.

Kommentarar

Pengeurt har følgt med det eurasiatiske jordbruket overalt i verda, uansett om det er i førhistorisk tid i Europa og Nord-Afrika eller i mykje nyare tid i Nord- og Sør-Amerika, Sør-Afrika eller Australia.

Forvekslingar

Pengeurt har ingen opplagde forvekslingar.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Thlaspi Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 745–746.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Clapham AR og Akeroyd JR (1993). Thlaspi L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 384–388.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. Utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Pengeurt Thlaspi arvense L. www.artsdatabanken.no/Pages/345683. Lasta ned <dag.månad.år>.