Ørkenplanten arabarlevkøy er framand og berre funnen éin gong i Noreg, komen inn med ballastjord på Øra i Fredrikstad i 1891.

Kjenneteikn

Arabarlevkøy er eittårig, opptil 40 cm, og håra med kortskafta hår som kan vere gaffelhår eller noko uregelrett fleirgreina hår, stundom òg med stive, ugreina hår. Stengelen kan vere greina frå grunnen. Blada er avlange eller elliptiske, og dei er heile, uregelrett tanna eller grunt flika. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er 8–10 mm lange og rosa eller purpur. Frukta er ei langskulpe på svært kort skaft (1–2 mm), og ho er sprikjande til oppstigande. Skulpeveggane har berre èin tydeleg nerve. Griffelen er ørliten eller manglar. Arret er toflika, men flikane sit tett saman og er lite synlege. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.

Kromosomtal

Arabarlevkøy er di- og tetraploid med grunntal x = 7 og kromosomtala 2n = 14 og 28. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Arabarlevkøy er framand og berre funnen éin gong i Noreg, komen inn med ballastjord på Øra i Fredrikstad (Østfold) i 1891.

Den heimlege utbreiinga omfattar tørre område i om lag heile Middelhavsområdet og austover i Asia til Himalaya og Kina. Arten er òg kulturspreidd til vestlege Nord-Amerika og til Sør-Amerika.

Kommentarar

Arabarlevkøy høyrer truleg best heime i ei anna slekt enn Malcolmia, slekta som tidlegare husa denne arten. Botschantzev (1972) argumenterer for å skilje ut gruppa som ikkje har sekkforma begerblad i slekta Strigosella Boiss., og her høyrer arabarlevkøy heime, som Strigosella africana. Dette blir no følgd av til dømes Al-Shehbaz (2010) og Plants of the World Online (POWO), og vi gjer det same her.

Forvekslingar

For forvekslingar med hornlevkøy Matthiola, sjå slektsomtalen av Strigosella. Arabarlevkøy skil seg frå strandlevkøy Malcolmia maritima i at dei indre begerblada er sekkforma ved grunnen hos strandlevkøy, men ikkje hos arabarlevkøy. Dessutan er blomane noko større hos strandlevkøy, med 10–20 mm lange kronblad, medan dei er berre 8–10 mm lange hos arabarlevkøy. Arabarlevkøy har dessutan sprikjande enkle hår, gaffelhår og uregelrett greina hår, medan strandlevkøy har regelrett 2- til 4-greina hår som er tiltrykte stengel og blad (malpighiske hår).

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Strigosella Boissier. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 553–554.

Ball PW og Akeroyd JR (1993). Malcolmia R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 337–339.

Botschantzev VP (1972). The genus Strigosella Boiss. and its relation to the genus Malcolmia R. Br. Botanicheskiy Zhurnal (Moskva og Leningrad) 57: 1033–1046 [på russisk].

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Arabarlevkøy Strigosella africana (L.) Botsch. www.artsdatabanken.no/Pages/345680. Lasta ned <dag.månad.år>.