Arabarlevkøyslekta
Strigosella
Arabarlevkøyslekta omfattar oppimot 25 artar utbreidde frå vest i Middelhavsområdet austover til Kina i Aust-Asia. I Noreg er det berre funnen éin art: arabarlevkøy, som tidlegare var heimehøyrande i slekta Malcolmia.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Artane er eittårige med ugreina hår, gaffelhår og/eller uregelrett fleirgreina hår. Blada er enkle og heile eller tanna. Begerblada er opprette, utan sekkforma grunn. Kronblada er rosa til purpur. Frukta er ei langskulpe med eit to-flika arr og frø i éi rekkje i kvart skulperom.
Slekta har ei mengd artar (20–24 aksepterte hos Al-Shehbaz 2010 og Plants of the World Online) utbreidde i saline og tørre strøk frå Spania og Marokko austover til Aust-Kina.
Det er truleg at dei to artane som tidlegare har vore rekna til Malcolmia, og som er funne i Noreg, høyrer til to ulike slekter. Botschantzev (1972) skil mellom Malcolmia (med om lag 11 artar) og den større slekta Strigosella Boiss. (med 20–24 artar), og dette blir følgd av til dømes Al-Shehbaz (2010) og Plants of the World Online (POWO). Då høyrer arabarlevkøy (tidlegare Malcolmia africana) til Strigosella (som Strigosella africana), medan strandlevkøy Malcolmia maritima blir att i Malcolmia. Levkøy-artane i Malcolmia og Strigosella er diploide og tetraploide med fleire grunnkromosomtal, x = 5, 7 og 8.
Artane av Malcolmia og Strigosella kan bli forveksla med artar av hornlevkøyslekta Matthiola. Om ein er i tvil, sjå på skulpa! Hos Malcolmia og Strigosella smalnar skulpa til ein kort griffel, og toppen av skulpa er utan horn. Hos Matthiola har toppen av skulpa to horn som er utvekstar på ryggen av dei to arrflikane. For skilnadar mellom Malcolmia og Strigosella, sjå artane.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Strigosella Boissier. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 553–554.
Ball PW og Akeroyd JR (1993). Malcolmia R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 337–339.
Botschantzev VP (1972). The genus Strigosella Boiss. and its relation to the genus Malcolmia R. Br. Botanicheskiy Zhurnal (Moskva og Leningrad) 57: 1033–1046 [på russisk].
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Arabarlevkøyslekta Strigosella Boiss. www.artsdatabanken.no/Pages/345679. Lasta ned <dag.månad.år>.