Volgasennep
Sisymbrium volgense
Volgasennep er framand og kom inn med russisk korn på 1900-talet. Han var kanskje so vidt bufast i periodar, men er ikkje funnen i Noreg på om lag 50 år.
Kjenneteikn
Volgasennep er ei fleirårig, grovvaksen urt med opprette stenglar opptil 80 cm. Stenglane er snaue eller grissent, sprikjande håra nedst med korte hår, stundom nokre av dei noko nedvende. Dei nedre blada er eggforma eller elliptiske til trekanta, pilforma, med grunne flikar, særleg nedst; dei øvre blada er heile eller med nokre få, uregelrette tenner. Blomestanden er ein kort klase der blomar og knoppar sit høgare enn toppen av unge skulper. Kronblada er 6–10 mm lange og bleikgule, dobbelt så lange som begerblada. Frukta er ei 1,5–6 cm lang, snau langskulpe som sit opprett på eit grant og noko sprikjande skaft som er 5–10 mm langt, men skulpa er opprett. Griffelen er om lag 0,5 mm lang. Skulpa har éi rekkje frø i kvart skulperom. Frøa er 1,3–1,5 mm lange.
Kromosomtal
Volgasennep er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Volgasennep er framand, truleg berre komen inn med korn frå Sør-Russland og Ukraina og berre funnen ved møller og kornsiloar. Han blei først funnen i Torshov-området i Oslo i 1905, i mølleområdet langsmed Akerselva. Her er han funnen i 1905–23 og 1936–38 og var truleg bufast i desse periodane. Elles er han funnen ved kornsiloen på Bøleveien i Skien (Telemark) i 1924 og 1929 (og av ein eller annan uforståeleg grunn i Drangedal, Telemark, i 1989, kan det vere ein feil?) og kring Hegrenes-mølla i Bergen (Hordaland) i 1911–18 og 1951–71, truleg bufast i periodar. Arten er ikkje funnen i Noreg på om lag 50 år og er truleg borte frå norsk flora.
Arten er heimleg i eit nokså lite område i Sør-Russland, Kaukasus og Kasakhstan, og han må ha kome til Noreg frå kornhamner ved Svartehavet.
Forvekslingar
Volgasennep skil seg frå storparten av andre Sisymbrium-artar i at blada ikkje er djupt flika (berre med tenner og grunne flikar ved grunnen). Han liknar mest på amursennep Sisymbrium luteum, men skil seg i at han er om lag snau eller berre grissent håra (amursennep er strihåra), i at kronblada er bleikgule og berre 6–10 mm lange (klårt gule og 12–16 mm lange hos amursennep), og i kortare skulpe (3–6 cm mot 8–10 cm hos amursennep). Korkje volgasennep eller amursennep er funne i Noreg på mange tiår. Om ein trur at ein har funne ein av desse, er det særskilt viktig å dokumentera det med herbariebelegg!
Kjelder
Ball PW (1993). Sisymbrium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 318-321.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Volgasennep Sisymbrium volgense M.Bieb. ex E.Fourn. www.artsdatabanken.no/Pages/345678. Lasta ned <dag.månad.år>.